Dei varme dagane har vore særleg viktige for bassengdrifta på Byrkjelo Camping.

Kjempesommar for campingplassane

Sommarsesongen har vore svært god for mange overnattingsstader i området. Campingplasseigarane både i Gloppen og Jølster merkar særleg auke av teltgjester.


Den varme perioden førte til ein kraftig auke i teltgjester på campingplassane. Også bubilar og hytter er blitt mykje nytta, og fleire campingplassar opplever aukande tilstrøyming i forhold til i fjor.

– Kjempesesong

For Byrkjelo camping har resultata auka kvart år, og i år er ikkje noko unntak. Anders Bjørkelo fortel at mengda bubilar har auka jamt, og at talet telt har eksplodert i år.

– I år har vi måtta avvise fleire, det blir ikkje fullare enn fullt. Varmen har også hatt mykje å seie for drifta av bassenget, seier han.

Til Byrkjelo kjem flest nordmenn, men òg mellom anna tyskarar og nederlendarar.

Til Aud Bergheim på Sandal gard kjem det mest utanlandske gjester. Ho står midt i natronkakebaking når lokalavisa tek kontakt. Desse skal serverast til dei neste gjestene, som kjem frå Nederland.

– Litt service må ein ha, smiler ho.

På Sandal gard er husa om lag fulle til slutten av september. Dit kjem både par og familiar av fleire nasjonalitetar, til dømes arabarar og kinesarar. Gjestene blir i minst to netter, noko Aud Bergheim legg opp til for å sikre at dei blir lenger i området.

Eksploderte etter Sommeråpent

Etter NRK sine sendingar av Sommeråpent frå Gloppen Camping og Fritidssenter har telefonen ringt i eitt. Dei har sett skilt i vegen om at campingplassen er full for å redusere trafikken.

– Her har vore fullt i mange år, men eg har aldri sagt nei til så mange før. Kurva steig kraftig etter Sommeråpent, det er tydeleg at sendingane har hatt effekt. Spesielt bubilar har vi hatt mange av i år, ti bubilplassar til hadde vore glimrande. Om nokon har tips til korleis vi kan få det til, tek eg imot med takk, smiler Rune Kjørvik.

Han legg til at dei varme dagane har hatt mykje å seie for den store teltauken også dei har merka. Områda mellom dei andre gjestene har vore tette av telt, og dei har nesten måtta seie nei til telt òg. Til campingplassen i Bukta kjem stort sett norske gjester, ofte par i bubil og besteforeldre med barnebarn.

– Bassengdrifta går i år med overskot. Det har vore mykje bading, og med dei høge temperaturane har sola stått for oppvarminga, seier Kjørvik.

Lang sesong på Jølstraholmen

På Jølstraholmen har drifta vore god heilt sidan januar. Det tykkjer dagleg leiar Kristine Hjelmbrekke er svært kjekt.

– Vi ser ein auke i vintermånadene. Det kjem nok av mykje jobb over tid, og ei kollektiv satsing. Det blir satsa både i skibakken, på toppturar og andre aktivitetar i nærleiken, fortel Hjelmbrekke.

Jølstraholmen har fleire gjester i år enn i fjor, og har fleire telt enn nokon gong. Bubilar kan dei likevel bli betre på. Varmen har ført til at dei har selt fleire dagspass til lokale og andre i nærleiken. Dagspassa kan nyttast til aktivitetstilboda dei har, til dømes zip line og i badekulpen.

– Vi tek imot mange fiskarar i år som alle år, og ser ein stor auke av utanlandske gjester. Elles får vi besøk av norske familiar, og nokre arabarar, seier ho.

– Fullt hus heile tida

Jølvassbu Camping på Vassenden hadde ein betre juli månad enn i fjor, og i juni var auken på elleve prosent samanlikna med 2018. Dagleg leiar Egil Tefre fortel at dei har hatt fullt hus heile tida, og er svært nøgde med det. På Jølvassbu kan ein leige kajakk og båt, og Tefre driv butikk med fiskeutstyr for å supplere gjestene. Det er i hovudsak fiskegjester som kjem, desse bestiller oftast i forkant.

– Drop in-gjestene er òg viktige. Eit kjenneteikn ved gjestene på Jølvassbu er at dei liker å ha det enkelt. Vi har mellom 250 og 300 gjester som kjem att fleire gonger, det er svært viktig på ein liten stad. Gjestene liker seg her og handlar mykje fiskeutstyr i butikken. Det er god reklame for oss, smiler Tefre.

Han ser ein eksplosjon i mengda telt også i Jølster. Sjølv om dei er fullbooka, finn fleire plass mellom andre gjester. Somme bilar kjem òg med telt på taket av bilane.

God start i Stardalen

Staffan Bengtsson ved Høyseth Camping ser ein god auke frå i fjor. Då tok han og kona hans over drifta av campingplassen i Stardalen, og utviklinga er bra.

– Vi nærmar oss ei dobling av resultatet frå i fjor, det er veldig positivt. I fjor hadde vi berre drop in, medan vi i år har fått nettbestilling. Det trur eg har mykje å seie for forbetringa. Fint vêr er alltid positivt, men hyttene har fylt seg opp via nettbestilling uansett, seier Bengtsson, og legg til at han er spent på korleis august vil bli.

Høyseth Camping får besøk frå store deler av verda, med hovudvekt på Europa. Gjestene kjem frå alt frå Italia og Frankrike til Kina, India og Russland. Særleg gjester frå USA og Canada er det blitt meir av i år.

– New York Times hadde ein reportasje i fjor om at Sogn og Fjordane er eit godt reisemål. Det kan sjå ut som denne har hatt effekt, fortel Staffan Bengtsson.