– Håpet er at demonstrasjonen skal skape merksemd kring saka og få SFE til å innsjå at det dei gjer er feil. Det er inga skam å snu, seier aksjonsleiar Tore Nesbakk før demonstrasjonen på Sandane mot SFE sine vindkraftplanar på Bremangerlandet. Foto: aksjonsgruppa.

Kjem til Sandane for å demonstrere mot vindkraft

Aksjonsgruppa nei til SFE/BKK vindkraft på Bremangerlandet har annonsert at dei kjem til Sandane og Heradsplassen laurdag for å demonstrere mot selskapa sine utbyggingsplanar. – Det er ikkje tilfeldig at vi kjem til Sandane, seier Tore Nesbakk, leiar i aksjonsgruppa.



SFE sitt dotterselskap, Vestavind kraft, er prosjektør og utbyggar på Bremangerlandet. På heimesidene deira kan ein sjå at dei har planar om å vere ferdige med utbygginga innan utgangen av 2021, og at anlegget vil ha ein årleg straumproduksjon på 300 GWh. Dette tilsvarer straum til kring 12.000 gjennomsnittlege husstandar.

Fugletrekk og friluftsområde
Tore Nesbakk seier dei er redde for at vindmølleparken vil skade fuglelivet på øya, og viser til ein rapport frå Norsk institutt for naturforskning (NINA), der det kjem fram at nasjonale fugletrekk går rett gjennom området der ein planlegg å bygge ut.

I tillegg er området ifølgje aksjonsleiaren mykje brukt av lokalbefolkninga til friluftsliv og turgåing.

– Ein vindmøllepark vil vere heilt øydeleggjande for det flotte området med urørt natur vi brukar til frilufts- og rekreasjonsføremål, seier han oppgitt.

– Set omdømet i fare
Nesbakk seier lokalbefolkninga opplever det heile som eit overtramp, og er svært krass i kritikken mot energiselskapet.

– SFE har lenge vore kjend for lokal verdiskaping, samfunnsansvar og har bidrege med viktige inntekter til kommunane og heile Sogn og Fjordane. No set dei sitt eige omdøme i fare med å tvinge igjennom vindkraft der lokalbefolkninga er sterkt imot, understrekar aksjonsleiaren.

Håpar på engasjement på Sandane
SFE sitt hovudkontor ligg på Sandane, og Nesbakk fortel at mykje av grunnen til at dei kjem den lange vegen, er for å markere overfor selskapet kva dei synest om planane deira.

– Vi opplever at vi blir overkøyrde og at SFE-gjengen sit på kontora sine på Sandane og bestemmer ting over hovudet på oss. Vi har som mål om å vekke folk på Sandane litt til live, og få dei til å sjå kva som faktisk skjer, seier vindkraftmotstandaren engasjert.

SFE møter
Kommunikasjonssjef Jannicke Lindvik i SFE seier dei er blitt utfordra av aksjonsgruppa til å møte i demonstrasjonen, noko dei har takka ja til.

– Vi kjem til å stille på demonstrasjonen og snakke med dei som møter opp. Vi har forståing for at det er delte meiningar om dette som trass alt dreiar seg om bruk av dei felles naturressursane våre, og at nokre ønskjer å markere synspunkta sine med ein demonstrasjon. Vi takkar for invitasjonen og ser fram til å møte dei som kjem, seier kommunikasjonssjefen.

Overprøvde NVE sitt vedtak
I 2015 fekk Vestavind energi avslag på søknaden om konsesjon til utbygging av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). To år seinare overprøvde Olje- og energidepartementet (OED) dette vedtaket og gav energiselskapet klarsignal likevel. Ifølgje Nesbakk er det første gong OED overprøver eit NVE-vedtak om konsesjon, og stiller seg undrande til det heile.

– NVE gav i utgangspunktet avslag på søknaden om utbygging tilbake i 2015, mellom anna på grunn av omsyn til fuglelivet der. Er de ikkje redde for konsekvensane ei slik utbygging kan få?

– Vi i SFE held oss til dei vedtaka som nasjonale myndigheiter har gjort, og i 2017 gav OED oss klarsignal basert på grundige vurderingar av fagfolk, der også omsyn til fuglelivet er med i totalvurderinga, seier Lindvik.

– Vil bevare urørd natur
Vidare seier ho at selskapet saknar eit større rom for å meine at fordelane i vindkraftutbygging skuggar over ulempene, og seier dei føler klimasaka har vorte ein altfor liten del av debatten når det gjeld utbygginga.

– Sjølvsagt ønskjer vi å bevare så mykje urørd natur som mogleg, men når vi veit kor stort behovet er for grøn energi i verda i dag, meiner vi det er feil ikkje å nytte seg av slike moglegheiter, understrekar kommunikasjonssjefen.