Slik såg kalven ut då han vart funnen.

- Kan ikkje seie det er rovvilt

- Vi utelukkar ikkje at det er rovvilt som har teke kalven, men vi utelukkar heller ikkje andre dødsårsaker, seier Rune Holen i Statens Naturoppsyn (SNO).



Den nyfødde kalven som vart funnen død på Rauset i Gloppen måndag, vart undersøkt av rovviltkontakt tysdag. Mange har vendt seg til politiet og SNO med bekymring for kva rovdyr som er på ferde i skogane på Sørstranda etter at vi skreiv om funnet. No avviser Rune Holen at SNO har konkludert med at det dreiar om rovvilt.

- Vi har ikkje bevis verken for det eine eller det andre. Vi utelukkar ikkje at det er snakk om rovvilt, men vi har ikkje konkludert med at det er det, understrekar Holen.

Han nemner også rev og sjølvdauing som moglege dødsårsaker.