Heim   >   Nyhende   >   Kalkulator viser gevinsten av kjeldesortering

Illustrasjonsfoto: Roald, Berit / NTB scanpix / NPK

Kalkulator viser gevinsten av kjeldesortering

Sintef har i samarbeid med ei kjeldesorteringsbedrift utvikla ein ny kalkulator som gjer det enkelt for bedrifter og organisasjonar å sjå kva dei kan tene på å kjeldesortere.

Restavfall er det dyraste avfallet å levere, derfor kan ein tene inn mykje på å kjeldesortere, fortel Sintef-forskar Ottar Bakås til Gemini.no. Kalkulatoren som er utvikla av forskarar ved Sintef i samarbeid med Røros Produkt, reknar ut kor mykje ei bedrift eller ein organisasjon kan vinne på å sortere avfallet sitt.

Størst miljøgevinst får ein av å sortere pant, plast og papp, medan matavfall gir minst gevinst. Kalkulatoren gir eit estimat over nytta av å sortere det ulike avfallet, ved at ein oppgir type bygg, størrelse og brukarar.

I tillegg til å fortelje kor mykje pengar ein sparer, opplyser kalkulatoren om kor mykje CO2-utslepp ein kan spare.