Nam, so god kake! Karsten forsyner seg av kaka som viser han sjølv med gullhjelmen, medan Jakob et kake pynta med han sjølv innhylla i det norske flagget. Coop Vest-sjef Geir Espe er glad for at gullkakene fall i smak.

Kakefest for EM-vinnarar

Våre to gullvinnarar frå EM vart laurdag hylla med eigen kakefest på Bakar-Jon på Byrkjelo. Motivet på kakene var sjølvsagt frå Jakob og Karsten si gullfeiring i Berlin.

Dei to verdsstjernene Jakob Ingebrigtsen og Karsten Warholm sette pris på både kakene og festen, og dei var tydeleg interesserte i lokalmaten på Bakar-Jon.



- Må vere fersk

- Eg er veldig oppteken av at maten skal vere fersk. Mat som har vore frosen nokre veker har ikkje same smaken. Eg kjøper heller fersk laks enn frosen laks, sjølv om det kanskje ikkje er så økonomisk. Om det kostar tre gongar meir, så smakar det tre gongar betre, smiler Karsten.

Ulsteinvikaren har eit nært forhold til Gloppen og Byrkjelo Stadion.

- Her har eg vore mange gongar. Med fjella rundt her, er det inga bane som er betre å trene på.

- Bakar-Jon er vårt gull, og det er kjekt å ønskje velkomen to slike gullgutar her, sa adm.dir. Geir Espe i Coop Vest, då han ønskte velkomen.

Strålande ambassadørar

Vegard Hansen i Coop Norge følgde opp:

- Vi er veldig stolte av dykk, og dei prestasjonane de har stått for. Vi er eigde av folk flest, og vi ser at folk blir stadig meir opptekne av friidrett. Med slike ambassadørar som Jakob og Karsten, er eg sikker på at friidretten berre vil vekse framover.

Generalsekretær Kjetil Hildeskor i Norges Friidrettsforbund er opplever gode tider, etter nokre magre år.

- Vi er heldige som har slike utøvarar. Ikkje berre for det dei presterer på bana, men for dei flotte profilane dei er. Folkelege og utan nykkar. Det er andre land som misunner oss desse typane, smiler Hildeskor, som rosar arrangørane på Byrkjelo.

- Dei er flinke. Tenk på at dei har lagt ned 10.000 dugnadstimar for å få dette til. Det er fantastisk! Veret er det einaste dei ikkje kan gjere noko med, men det ser ut som det blir betre på søndagen.

Karsten vart eigar

Sjølvsagt vanka det hyggelege gåver til EM-vinnarane. Coop Vest-sjef Geir Espe nytta høvet til å skaffe seg ein eksklusiv medeigar, som både er verdsmeister og europameister.

-  Karsten snakka ein gong om at han kunne tenkje seg å bli eigar. No har vi fiksa både eigarskap og eit godt synleg bevis, sa Geir Espe, og kunne overrekkje eit eksklusivt medlemsbevis i stort format. Det same tilbodet vil også Jakob få når han kjem heim til Sandnes.

Å, har eg vorte eigar no? Så kult, smilte Warholm, før han gav seg i kast med ein ny kakebit og dagens 400 meter på Byrkjelo.

Også idrettsfolk er glade i god mat. Jakob Ingebrigtsen og fader Gjert smakar på godsakene frå Påldtunet og Kandal Kjøtt. T.h. Magne Ravnestad i Påldtunet.
Oj, er det litt mitt no, smilte Karsten Warholm, med det godt synlege provet på eigarskapen.