Heim   >   Nyhende   >   Justisministeren vurderer endringar i politireforma

Justisminister Jøran Kallmyr (Frp) forsikrar at han tek kritikken mot politireforma på alvor. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Justisministeren vurderer endringar i politireforma

Politireforma skal gjennomførastt, men justisminister Jøran Kallmyr (Frp) vurderer no å gjere «endringar og justeringar» etter kritikken dei siste vekene.

– Det er krevjande å skulle både gjennomføre reforma og halde trykket oppe mot kriminalitet. Vi må vurdere om det er for mykje på ein gong, sa justisminister Jøran Kallmyr (Frp) då han deltok på Politisk kvarter på NRK torsdag morgon.

Han varslar no ei stortingsmelding, der det kan bli foreslått endringar og justeringar på bakgrunn av kritikken som har kome mot nærpolitireforma. Den tredde i kraft for over tre år sidan og har framleis eitt år igjen før ho skal vere gjennomført.

Stor misnøye

– Det største problemet med politireforma er at ho ikkje har vore gjennomført for lenge sidan. Verda og kriminaliteten endrar seg, seier Kallmyr til NTB.

I ein rapport Arbeidsforskningsinstituttet offentleggjorde torsdag, kjem det fram at to av tre polititilsette går heim med ei dårleg kjensle etter at arbeidsdagen er over, at politifolk opplever at dei er fjernare frå lokalmiljøet og at åtte av ti respondentar meiner politireforma ikkje gir publikum eit betre polititilbod.

– Krevjande situasjon

Kallmyr ville ikkje vere konkret på kva eventuelle endringar han vil foreslå, men viser mellom anna til ei evaluering frå Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), der det blir tilrådd å ha eit ambisjonsnivå som samsvarer med ressurstilførselen.

«Alt kan ikkje bli betre, og alt kan ikkje bli gjort på ein gong. Ei meir tydleg prioritering mellom måla for reforma er naudsynt», skriv direktoratet.

– Det er ein krevjande situasjon, og vi må vurdere om det er riktig å ta ut gevinstane allereie no. Skal vi gjere endringar og justeringar, må vi kome tilbake til Stortinget om akkurat det, seier justisministeren til NRK. (©NPK)