Heim   >   Fylket   >   Julia med ny norsk juniorrekord

Julia med ny norsk juniorrekord

Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda IL sikra bronse i klasse 59 kg i senior-NM i vektløfting då ho sette norsk juniorrekord med 85 kg i sin siste støyt.

Det vart ein svært god første dag for løftarane frå Vestland under NM på Vigrestad då dei lettaste vektklassane var i elden laurdag, skriv Nord-Vestlandet vektløftarregion i ei pressemelding.

Spesielt imponerte jentene.

Ungdomsløftar Sandra Nævdal frå Bjørgvin vann klasse 49 kg kroppsvekt med nye norske og nordiske ungdomsrekordar på 56 kg i rykk og 66 kg i støyt, til saman 122 kg.

Bjørgvin tok dobbelsiger i klasse 55 kg ved Sarah Hovden Øvsthus og Tiril Boge.

På herressida vart det gull til juniorløftar Marcus Bratli frå Bjørgvin i klasse 67 kg, med 99 kg i rykk og 125 kg i støyt.

Fjerdeplass til junior Robert André Moldestad, Breimsbygda IL, i same klasse.

Jantsen Øverås frå Tambarskjelvar gull i klasse 81 kg med 119 kg i rykk og 142 kg i støyt.