Julia Jordanger Loen. Foto: Ola Bergheim.

Julia avslutta året med ny rekord

På Breimsbygda IL sitt julestemne i vektløfting måndag, nytta Julia Jordanger Loen siste sjansen til å setje ungdomsrekord ved å forbetre den norske rekorden i rykk klasse 64 kg ungdom frå 66 til 69 kg.

Jordanger Loen er junior (18-20 år) frå og med årsskiftet og skal no konkurrere mot jenter som er opptil to år eldre.

- Det vil då ta eit år eller to før ho kan ha håp om å hevde seg internasjonalt i juniorklassa, seier leiar i vektløftargruppa i BBIL, Ola Bergheim, i ei pressemelding, og legg til at ho blir ein spennande utøvar å følgje i åra som kjem.

For samanlikning av prestasjonar på tvers av vektklasser blir det brukt ein internasjonal tabell basert på løfta kg i høve til eiga kroppsvekt. Ifølgje den tabellen er resultatet Julia gjorde på EM U17 i Israel før jul det beste som er gjort nokosinne av ein ungdomsløftar i Noreg på jentesida.