Heim   >   Fylket   >   Julesong kjem til Skei

Julesong kjem til Skei

I 2015 starta Julesong opp med fem julekonsertar. På fem år har talet tredobla seg, og prosjektet har teke steget frå indre Sogn til å omfatte heile fylket. I morgon kjem Julesong til Skei for første gong.

Kjernen i Julesong er vokalistane Einar Bolstad, Kari Malmanger og Gunn Marit Kvåle. Saman med musikarane Bjørn Tore Årøy, Inge Ronny Kvåle, John Børge Askeland og Gjest Ingeson Kvåle, er dei sogningane som har laga «julekonserten dei sjølve ønskjer å gå på».

Olav Stedje er med som gjest på siste del av turneen. Han stiller mellom anna med melodiar frå julealbumet sitt “Stille Natt”, som kom ut i 1983. Kari Malmanger vil bidra med tradisjonsstoff frå folkemusikk og salmar, medan Einar Bolstad og Gunn Marit Kvåle syng fleire av dei mest kjende julesongane.

Konsertane, som garanterer julestemning og gåsehud, er sette saman av vakre songar som høver i advents- og førjulstida.