Heim   >   Nyhende   >   Julehandelen auka med tre prosent

Foto: NTB/NTB scanpix.

Julehandelen auka med tre prosent

Nordmenn handla for tre prosent meir før jul i fjor enn i 2017. Posten melder om ein «all time high» på pakkefronten.

Black Friday, som i fjor var 23. november, blir no rekna som starten på julehandelen.

– 2018 hadde den beste Black Friday gjennom tidene, noko som gav ein skikkeleg kickstart på julehandelen, seier Bror Stende, direktør for Virke faghandel.

Handelen i desember enda derimot så vidt over året før. Totalt fekk julehandelen, med start i veke 47, ein vekst på tre prosent i høve til i 2017,

Tal frå Kvarud Analyses julehandelsindeks, basert på tal frå 190 kjøpesenter landet rundt, viser at mange handla mykje like før jul.

Samtidig med at omsetnaden i kjøpesentera har noko svakare vekst i desember enn anteke, melder Posten om «all-time high» for pakker i Post i butikk.

– Tala frå Posten tyder på at stadig fleire handlar julegåvene på nett, seier Stende. (©NPK)