Breim skulekorps spelte, og små og store gjekk rundt treet då julegrana på Byrkjelo vart tent fredag ettermiddag.

Julegrana tent på Byrkjelo

Til juletonar frå Breim skulekorps vart julegrana på Byrkjelo tent fredag ettermiddag. Så vart det mange runder rundt treet for alle frammøtte.

Det vart ei tradisjonell opning på adventstida på Byrkjelo, med julemesse i Breidarheim, fakkeltog, julegrantenning og nissebesøk. Sjølv om vinden gjorde sitt til at fakkeltoget vart lettare utblåst la det ingen dempar på stemninga, og det var mange små og store som ville sjå grana verte tent, og gå rundt treet. Etterpå var det tid for nissane, som kom inn på plassen på slede trekt av ein  fjordhest, og delte ut gåver til dei som ville ha.

Mange hadde lagt middagen til Breidarheim, og før fakkeltoget hadde det alt gått med titals liter betasuppe, i tillegg til kaffi og kaker. Eit stort utval utstillarar kunne by på alt det ein skulle trenge for å gjere klart til jul, og på scena var det juleverkstad der borna kunne lage sine eigne julegåver.



- Vi lagar julepynt og så kan vi ta det med heim. Det er kjekt å vere her, seier Kristina Hjelle, Anneah Håheim og Anna Gil på julemessa på Breidarheim.