Jordbærsesongen kan verte lenger i år enn han var i fjor. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Jordbærsesongen nærmar seg toppen

Jordbærsesongen kan toppe seg denne veka, men vêret bidreg til lang modningstid, så sesongen kan verte lang.


I fjor kom mykje av bæra ut på marknaden samtidig grunna høge temperaturar og rask modning, skriv Nationen. For bæra i år kan sesongen tilsynelatande verte lang.


– Sesongen for norske jordbær er i full sving og har vore det ei stund. Det kalde vêret har gitt oss ein seinare start og vi opplever heller ikkje dei store toppane som i fjor der veldig mykje kom samtidig. Vi vil derimot ha ein jamn tilgang og ein mykje lenger sesong – godt nytt for alle som er glade i jordbær, seier kommunikasjonssjef i Coop, Lise Mette Kjellberg.


(©NPK)