Framsida på årets Jølstrakalender har motiv frå Bakkestøylen i Veitebergsdalen. Foto: Svein Heggheim.

Jølstrakalenderen på stølstur

Tradisjonen tru er Jølstrakalenderen også i år komen i handelen. Dette har vore skulemusikkane i Jølster sitt prosjekt, men i år er det berre skulemusikken på Vassenden som står bak utgjevinga.

Skulemusikken på Skei ligg nede for tida og dermed er det skulemusikken på Vassenden som i år åleine står for utgjevinga av kalenderen som har stølar som tema. Fotografar er Janne Eikås og Svein Heggheim, begge fjellvandrarar og fotografar.

Lang tradisjon

I tjue år har denne kalenderen vore eit fast innslag i førejulstida i Jølster, og ifølgje Jostein Skår Støfring i kalendernemnda, er kalenderen og julemessa dei viktigaste inntektskjeldene for skulemusikken.

– Vi har trykt opp 650 eksemplar og vi håpar sjølvsagt å få selt dei, seier han og er litt spent på korleis salet vil gå når Vassenden skulemusikk er åleine om kalenderen.

– Eg veit ikkje om det kjem til å spele noka rolle, og vi har vore på Skei og spela også i den perioden Skei skulemusikk har hatt pause, fortel Skår Støfring.

Stølar

Årets Jølstrakalender har foto av 13 stølar, og sjølvsagt både sommar- og vinterbilete. Vi finn stølar frå Eikås i vest til Befring i aust. Somme av dei er lett tilgjengelege, andre krev litt meir innsats. Felles for alle er at dei betyr mykje for dei som eig dei og at dei er populære turmål for folk flest.

– Det er veldig mange fine stølar i Jølster, seier Janne Eikås.

Ho er ein av fotografane, og ei skikkeleg fjellgeit som flyg opp og ned fjella i Jølster heile året. I 2014 gjekk ho fjellturar kvar bidige dag i snitt gjekk 1046 høgdemeter for dagen. No er ho i gang med eit anna prosjekt, nemleg å gå på alle dei såkalla 100 meter primærfaktortoppane i fylket. Ein fjelltopp sin primærfaktor er den minste vertikale avstand ein fjellvandrar må bevege seg for å kome opp på eit høgare punkt i terrenget enn der vedkomande står. Er primærfaktoren 100, vil det seie at det må gåast ned minst 100 meter for å kome seg opp på eit høgare punkt.

– Det finst 1160 slike toppar i fylket og eg er halvvegs, fortel Janne som også fotograferer flittig når ho er ute på tur.

Resultatet av dette får vi sjå litt av i årets Jølster kalender.

God rekruttering

Tilbake til Vassenden skulemusikk, kan Jostein Skår Støfring fortelje om eit korps med svært god rekruttering og som no har heile 30 aktive medlemer. Han fortel også at dei har fått mange nye aspirantar det siste året og at aspirantopplæringa er ein del av musikkundervisninga på skulen.

– Medlemene kan vere med i ti år frå femte klasse, det vil seie at dei kan vere med til dei er ferdige med vidaregåande, fortel Skår Støfring som sjølvsagt håpar at kalenderen går unna og at korpset får inn nokre kroner.

– Vi har vel eit mål om å få inn 100.000 kroner, seier Jostein som er ein av fire i nemnda som står føre kalenderen.

Dei andre er Ellinor Østenstad, Mariann Østenstad og Siv Karin Hestad. Kalenderen har dei til sals i butikkane i Jølster, i tillegg til at dei også går rundt på dørene i Vassenden-området.