Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Jølster vann, STIL tapte

Arkivfoto.

Jølster vann, STIL tapte

Jølster slo Sogndal 3/Fjøra 2 3-1 på Skei søndag, medan Sandane tapte 2-1 borte mot Førde 2. 

André Njøsen Norevik og Torbjørn Johannessen Hjellbrekke scora kvar sitt mål for Jølster, det tredje var eit sjølvmål av Sogndal 3/Fjøra 2. Sigeren fører Jølster til topps på 5. divisjonstabellen før Vik.

STIL tok leiinga rett etter pause borte mot Førde 2 etter eit sjølvmål av heimelaget, men førdianarane snudde kampen til sin fordel.

Les meir om fotballrunda i e-avisa/papiravisa tysdag.