Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Jølster tapte mot botnlag

Ola Vågane scora, men Jølster tapte mot Fjøra 2/Sogndal 3 måndag kveld. Arkivfoto.

Jølster tapte mot botnlag

Jølster sitt 5. divisjonsmannskap tapte 5-2 borte mot Fjøra 2/Sogndal 3 måndag kveld. 

Heimelaget tok leiinga etter 20 minutt, og la på til 2-0 og 3-0 tidleg i 2. omgang, melder Firda live.

To kjappe Jølster-mål av Ola Vågane og Trond Vegard Ripe midtvegs i omgangen gav håp om poeng, men sogningane avgjorde kampen til sin fordel heilt på slutten.

Jølster ligg no på 6. plass på tabellen med 20 poeng og har ikkje anna enn æra å spele for i dei resterande kampane.

Neste kamp er heime mot Stryn 2 23. september.