Jølsterjentene kjempa heroisk og spelte ein god forsvarskamp mot Skarphedin IL 2, sjølv om det vart tap.

Jølster rauk ut av Norway cup

Jenter 15 laget til Jølster tapte 1-0 mot Skarphedin IL 2 under dagens 1/16-dels finale i Norway cup, og er dermed slått ut av turneringa.

– Jentene kjempa heroisk under dagens kamp, og gjorde ein veldig god forsvarsjobb. Vi er godt fornøgde med å ha kome til A-sluttspelet, og har kjempa i kvar kamp, seier trenar Merete Støfring.