Det blir ikkje Jølster maraton i år

Jølster Maraton til helga

Første laurdagen i juli går som vanleg Jølster Maraton av stabelen.

I år er det 36 år sidan Jølster Maraton vart arrangert for første gong, så det er med andre ord eit arrangement med lange tradisjonar, skriv arrangøren, Jølster IL, i ei pressemelding.

I 1982 vart det første maratonløpet i Sogn og Fjordane «Rett Vest» arrangert i Florø. Året etter var det ein gjeng i Jølster som ville at Jølster skulle arrangere maraton også. Slik vart Jølster Maraton til, og 3. juli 1983 stilte 52 deltakarar til start på dei to distansane; heil- og halvmaraton. Samtidig med løpet vart det også arrangert sykkeltrim rundt Jølstravatnet. Her var det inga tidtaking, og dette vart fort ein populær aktivitet.

Fire distansar

Konkurranseløparane kan velje mellom fire distansar der alle føregår på sørsida av Jølstravatnet: Start heilmaraton er på Vassenden, der løparane spring på sørsida inn til Sunde og snur. Då får dei sine 42195 meter, som er den nøyaktige maratondistansen. På dei andre distansane vert løparane frakta med buss til dei ulike startane; Halvmaraton, 10 km og 5 km.

Det er også tilbod til mosjonistane; miniton og sykkeltrim. Miniton er svært populært blant barn og unge. Dette  er 1/10 maraton (4,2km) utan tidtaking. Sykkeltrimmen rundt Jølstravatnet har sin meir eller mindre sin faste flokk deltakarar på ca. 100 syklistar. Sju deltakarar har vore med i alle år!

Stiller for 34. gong

Påmeldingane er på veg inn, og så langt er ein i rute med fjoråret. Då stilte nesten 400 deltakarar til start i konkurranseløpa. Jølster Maraton er, og vil vere, eit løp for den jamne mann og kvinne. Mange trufaste stiller i Jølster år etter år. Svært mange frå Bergens-området tek turen, men det er påmelde frå resten av landet, i tillegg til nokre frå utlandet.

Bjørn Gjerde frå IL i BUL har flest gjennomførte maraton i Jølster. Han er påmeld også i år, for 34. gong. Han vann det 1. og 10. Jølster Maraton. Elles reknar ein med at han som har vunne flest maraton i Jølster – Helge Hafsås – stiller. Han har vunne heilmaraton heile 14 gonger, og held framleis eit imponerande nivå i ein alder av 52 år.