Arkivbilete.

Jølster fekk mest å juble for

Jølster fekk revansje på heimebane og slo Sandane med 3-0 på ei våt og sleip grasmatte.

I våroppgjeret imponerte Sandane, overraska Jølster i åpningsminutta og lukkast i å dra sigeren i land. På Skei stadion var rollene bytta. Heimelaget hadde kontroll på Sandane i store deler av kampen. I første omgang hadde Sandane rett nok fleire sjansar på kontringar, men lukkast ikkje. Det gjorde Jølster som tok føringa etter 32 minutt ved Kristoffer Flatjord Sunde.

Kontroll i andre

I andre omgang dominerte Jølster, men lukkast ikkje i å score før det var gått 25 minutt av omgangen. Då la Odd Rune Herstad Dvergsdal på til 2-0. Ti minutt før full tid forserte Henrik Berg Førde flott fram på høgre kanten og la inn til Torbjørn Johannesen Hjellbrekke som berre hadde å setje innsida til. Dermed var løpet køyrt for Sandane sin del og poeng sikra for Jølster som kampen gjennom kjempa og sleit og aldri let eit svært ungt Sandane få sleppe til.

Fortent

-Det vart ein krigekamp, men eg tykkjer vi var det beste laget heile kampen. Planen vår var å gå hardt ut og ikkje gjere same feilen som på bortebane og stå høgt. Det gjorde vi heile kampen, seier Ole Marin Eide i trenarteamet. I vårkampen var spelarstallen så liten at han sjølv måtte ta på seg drakat. Denne gongen var det annleis.

-I dag kunne alle på benken ha kome inn. Vi har ein jamn og brei stall, seier han.

Jølster er no på andreplass med 28 poeng bak Vik som har 30. Men Skavøypoll har ein kamp mindre spelt og har same poengsum som Jølster. Sigeren over Sandane betyr uansett  at Jølster er med i tabelltoppen og har heng på opprykk.

Opprykk

-Det er ekstremt kjekt, men også uventa. Før sesongstart hadde vi ikkje noko uttrykt mål om opprykk, men no er vi der, seier han. Om det likevel skulle glippe i innspurten er det likevel inga krise, forsikrar Ole Martin. Han peikar på at det er stor skilnad på 5. og 4. divisjon.

- Uansett går det mot ein svært spennande sesongavslutning, seier Ole Martin Eide. Neste motstandar vert Selje på bortebane søndag åttande september.