Byggefeltet i Årsetbakkane på Vassenden fekk store skadar 30.juli.

Jølster fekk erstatning etter uvêret

Dei mange rashendingane i Jølster 30 juli, skapte som kjent store øydeleggingar på kommunal infrastruktur. Det vart sagt frå regjeringshald sagt i tida etter uvêret, at dei råka kommunane skulle få dekka skadane.



Jølster kommune søkte om 30.4 millionar til utbetring av skadar etter uvêret, noko Fylkesmannen støtta. No har kommunalminister Monica Mæland kunngjort at kommunen får 29.6 millionar.

Ikkje til skisenteret

I summen det var søkt om låg det også eit beløp som handla om skadane i Jølster skisenter, der kommunen er største aksjonær. Dette beløpet vart ikkje godkjent for statlegg støtte, sidan det handlar om ei næringsverksemd.

Likevel seier ordførar Oddmund Klakegg til NRK at han er nøgd med erstatninga frå staten og at det no blir høve til å rydde opp etter alle øydeleggingane.

 



 

 

Samferdsleminister Jon georg Dale var ein av fleire ministrar som besøkte Jølster etter uvêret 30. jul.