Andre Heggheim og Jølster kunne kassere inn tre nye poeng fredag.

Jølster åleine på toppen

Etter tre kampar er det ni poeng og tabelltopp for Jølster sitt 5. divisjonslag. Søndag kveld var det Førde 2 som måtte returnere utan poeng etter eit oppgjer Jølster vann 2-1.

- Dette var herleg, sa trenar André Heggheim etter kampen.

Ein kamp der laga hadde kvar sin omgang. Jølster dominerte første, medan Førde kom mykje meir med i andre. Begge Jølster sine mål kom i første omgang.

Torsdag er det Sandane som er motstandar.