Home   >   Nyhende   >   Jensen håpar på reprise, KrF vil ha meir til barnefamiliar

Finansminister Siv Jensen (Frp) trur KrF vil reagere blanda på forslaget til statsbudsjett for neste år. Foto: Cornelius Poppe/NTB scanpix/NPK.

Jensen håpar på reprise, KrF vil ha meir til barnefamiliar

Forskjellane aukar med budsjettforslaget til regjeringa, meiner opposisjonen. Finansminister Siv Jensen (Frp) frir til KrF og håpar på fleire sjansar.

Sola skin, økonomien er i god vekst og landet er kome styrkt ut av oljeprisfallet, meiner Jensen.

Regjeringa aukar oljepengebruken med 4,5 milliardar kroner og får godkjentstempel for å legge fram eit statsbudsjett som verken vil bremse eller auke farten i norsk økonomi neste år.

Større forskjellar

Ein samla opposisjon meiner likevel at regjeringa ikkje nyttar dei gode tidene godt nok.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre saknar tiltak for å redusere talet på ledige, som framleis vil liggje over 100.000 personar neste år. Budsjettet gjer ikkje nok for å redusere forskjellane, meiner han.

SV, Raudt, Senterpartiet og MDG stemmer i. Budsjettforslaget vil auke forskjellane, meiner dei.

– Satsinga mot barnefattigdom utgjer berre ein firedel av det dei rikaste får i skattekutt, ifølgje SV og Kari Elisabeth Kaski.

– Ein parlamentarisk avskjedssøknad, hevdar MDG og Une Bastholm. Ho kan ikkje forstå korleis KrF kan halde døra open til regjeringa etter dette.

KrF-frieri

Jensen vigde på si side atskilleg tid til KrF i finanstalen til Stortinget. Ho minte om fleire gamle KrF-sigrar og runda av med eit ønske om å få lov til å fortsette i jobben.

KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad vil i motsetning til partileiar Knut Arild Hareide innleie budsjettforhandlingar med den sitjande regjeringa. Han trur ikkje budsjettforslaget vil vere avgjerande for kva veg partiet vel på det ekstraordinære landsmøtet 2. november.

Om det blir forhandlingar med Høgre, Frp og Venstre, varslar Ropstad blant anna at barnefamiliar må få meir og kommuneøkonomien må styrkjast.

– Og uansett utfall i november, vil KrF sitt alternative budsjett vere ekstremt viktig for korleis statsbudsjettet for neste år vil sjå ut, sa han i replikkvekslinga etter finanstalen.

Snus, straum og sukker

Avgiftene på alkohol, snus, røyk og drivstoff blir foreslått auka omtrent i takt med venta prisstiging. Flypassasjeravgifta blir kutta i Noreg og i Europa, men auka for reiser utanfor verdsdelen.

Elavgifta blir tatt ned for første gong på 16 år. Og skatt på alminneleg inntekt blir redusert frå 23 til 22 prosent. Det inneber 11.000 mindre i skatt for ein gjennomsnittleg familie med to inntekter, men betyr også at dei med bustadlån må rekne med at det blir litt dyrare, sidan effekten av skattefrådraget blir mindre.

Den omstridde sukkeravgifta blir foreslått redusert for sjokolade og sukkerhaldige varer, men ikkje for sukkerhaldige drikkevarer.

– Medvitslaus næringspolitikk, er kommentaren frå direktør Petter Nome i Bryggeri- og drikkevareforeningen.

Nøytralt og innanfor

Seniorøkonom Kyrre Aamdal i DNB Markets seier at hovudtala er slik dei hadde venta. Han summerer det opp som eit nøytralt budsjett som ikkje vil påverke Norges Bank sine varsla renteaukingar.

– Dette er innanfor. Eit nøytralt budsjett godt tilpassa ein økonomi i god vekst, var den umiddelbare kommentaren frå sjeføkonom Lars Haartveit i hovudorganisasjonen Virke.

Virke er derimot kritisk til at fritaket for moms og avgifter for import av varer under 350 kroner blir vidareført.

– Uforståeleg at regjeringa fortset å subsidiere multinasjonale nettselskap på kostnad av norske arbeidsplassar, seier Virke sin administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen. (©NPK)