Heim   >   Nyhende   >   Jegerane blir digitale

Jegerane får frå i år moglegheit til å få jegeravgiftskortet digitalt på mobilen i staden for å ta det med seg i sekken når dei skal på jakt. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB scanpix /NPK.

Jegerane blir digitale

Jaktåret 2019–2020 startar 1. april og nytt i år er at både betaling og dokumentasjon av betalt jegeravgift er digitalisert.

Dermed slepp jegerane å ta med seg jegeravgiftskortet når dei skal ut på jakt.

Alle som skal drive med jakt, lisensfelling eller fangst, må ha betalt denne avgifta. Pengane går inn i viltfondet og blir brukte til å styrke den lokale viltforvaltinga.

Fram til no har betaling og dokumentasjon halde seg langt unna den digitale tidsalderen, og dei rundt 300.000 norske jegerane har fått brev og giroblankett i posten.

Men no blir det enklare.

– Dette blir enklare for jegerane og ei effektivisering av forvaltinga. På sikt er målet at det einaste papiret du treng å ta med deg ut i marka, kjem på «rull», seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Direktoratet har oppretta ei digital løysing kalla «Mi jegerside» hos Jegerregisteret, og dei som nyttar denne får jegeravgiftskortet på mobilen.

Frå neste år vil alle jegerar få all kommunikasjon via Altinn og «Mi jegerside».

Sjølve skyteprøven må likevel framleis takast ved personleg oppmøte, og vitnemålet på bestått prøve kjem inntil vidare framleis på papir. (©NPK)