Home   >   Nyhende   >   Island tener meir på turistar enn fisk

Island tener meir pengar på turisme enn fiske og aluminiumproduksjon til saman, viser ein rapport frå OECD. Her frå hamna i Reykjavik. Foto: Bjørn Ivar Voll/NPK.

Island tener meir på turistar enn fisk

Turismen på Island er blitt den største næringa i landet med 8,4 prosent av BNP. Berre i Spania og Portugal er verdiskapinga i turismen ein større del av BNP.

Turismen på Island har auka kraftig dei siste åra, og 14 prosent av dei 350.000 bebuarane i landet jobbar no i turistindustrien. Det viser rapporten OECD Tourism Trends and Policies 2018, skriv Arbeidsliv i Norden.

Kvart år besøkjer om lag ein halv million turistar Island. Dei fleste kjem frå USA, Storbritannia og Tyskland. USA, Storbritannia og Kina står for den største veksten.

Resultatet av veksten er overskot i utanrikshandelen, nye selskap og fleire tusen nye arbeidsplassar. Turismen står for den største eksporten med 39 prosent av dei samla inntektene i utanlandsk valuta i 2016. Det er meir enn både fiskerinæringa og aluminiumindustrien til saman. (©NPK)