Utsikt frå Hetlestøylen.

Inviterer til motbakkeløp i Breim

– Sit ikkje heime og ver sur, spesielt ikkje når du bur midt i verda sin finaste natur, skriv Breimsbygda idrettslag på Facebook-sida si.

Fredag 24. mai arrangerer dei motbakkeløpet Hetlestøylen opp, og dei inviterer alle i og utanfor bygda til det dei kallar «verdas koselegaste motbakkeløp». Løpet er for alle, uavhengig av alder og fysisk form.

Hetlestøylen opp har to løyper. Den eine startar ved ballbingen i Hovden, den andre ved brua ved Hjelltunet. I tillegg til premie til beste tid, stiller arrangørane òg med deltakarpremiar.