Firda vgs har teke initiativ til klimakonferansen «Den Grøne Tråden» og har alt fått rundt 300 påmeldingar frå heile fylket. Her arrangementskomiteen: Eirik Tengesdal er prosjektkoordinator for «Grøn skule»-prosjektet, Hans Grasli er lærar i klima- og miljøfag, rektor Hallgeir Hansen, Birte Fossheim frå Gloppen kommune, Kristen Reikvam Ravnestad frå Nomil og Arve Sandal frå styringsgruppa for «Grøn skule».

Inviterer til klimakonferanse

– Dette er eit så aktuelt og interessant tema at vi håper folk frå området vil setje av ein dag og vere med på konferansen. Rektor Hallgeir Hansen på Firda vgs opnar dørene på vidt gap når skulen komande torsdag arrangerer miljøkonferanse.


Hallgeir Hansen meiner konferansen kan vere spanande for dei som ønskjer å få innspel om kva som kan gjerast for klima- og miljøarbeidet i kvardagen.

– Vi har henta innleiarar som ikkje berre har forska på området, men personar som har endra livstil og prøvd å vere meir miljøvenlege i praksis. Slik håper vi å kunne vere meir konkrete for dei som høyrer på, seier han.
Søppelfri kvardag

Mellom dei som står på lista er zero-waste-bloggaren Kristine Ullaland frå Naustdal, som ved å vere nøye på kva ho kjøpte og korleis ho handterte restar, greidde å redusere søppelet for eitt år til eit å passe på eit Norgeslas.

– Det er ikkje sikkert alle kjem dit, men å få innspel på korleis ein kan redusere søppelmengda i kvardagen, kan vere nyttig for mange, seier Hansen.

Den mest korteiste innleiaren er nok Mariel Eikeset Koren, som under tittelen «Min veg» vil dele sine erfaringar med ein alternativ livsstil.

Elevar ved valfaget «Design og redesign» på Gloppen ungdomsskule skal ha utstilling. Her har dei eit grønt fokus på gjenbruk, og dei brukar gamalt stoff som elles hadde blitt kasta til å sy nye, flotte bruksgjenstandar.
«Den grøne tråden»

Konferansen har fått namnet «Den grøne tråden – lære om klima og miljø ved å gjere», og tanken med konferansen er å setje klimaformidling i skular og barnehagar på dagsorden.

– Hovudmålet er å setje fokus på korleis vi snakkar med born og unge om eit kjempeviktig og brennaktuelt tema. Vi ønskjer å finne måtar å formidle dette emnet på som skaper eit positivt engasjement og at ein vert oppteken av løysingar og moglegheiter, kva vi kan gjere, og kva vi må gjere, seier Hansen.

No har miljø- og klimaspørsmålet omsider kome inn i læreplanen, og Hansen håper konferansen kan vere med å setje skular og barnehagar i fylket eit stykke lenger fram i forhold til tematikken.
Frå heile fylket

Det er Firda vgs som har teke initiativ til konferansen. Tilbodet har gått til alle skular og barnehagar i fylket, i tillegg til offentlege administrasjonar og politikarar. Det er alt påmeldt 300 personar, heile 250 av dei er ungdom.

– Det er eit stort løft for skulen å arrangere konferansen, men no er det meste klart og vi har fått på plass sterke innleiarar, seier Hansen.

I tillegg til dei som alt er nemnde, har skulen henta inn journalist Ole Mathismoen i Aftenposten Junior, som fortel om faktaformidling via teikneseriar, lærebokforfattar Astrid Sinnes som skal snakke om utdanning for berekraftig utvikling, og Astrid Arnslett frå Cicero skal presentere forsking om effektiv klimakommunikasjon.

– Men det er god plass til andre som vil vere med, og eg håper vi fyller både kultursalen og kinosalen denne dagen. Konferansen er gratis og det vert servert lunsj til alle som vert med, fortel Hallgeir Hansen.

Han ønskjer at konferansen og det arbeidet skulen har sett i gang, kan bidra til det engasjement mange har rundt klima- og miljøspørsmålet framover.