Nordfjordeid er klare for å ta i mot årets første cruiseskip, og lagar like godt cruiseskip-fest.

Inviterer til «CruiseDay»

Vikingskip og fjordhestar, krut og kanonar. På Nordfjordeid legg dei stort opp når tysdag morgon ynskjer 5.000 besøkande frå skipet AIDAperla og alle andre velkomen til «CruiseDay» for aller fyrste gong.

Tysdag 21. mai blir det liv og aktivitet frå morgon til kveld på Nordfjordeid. Det er snart 30 år sidan det sist var passasjertrafikk på kaia på Nordfjordeid. No tek strandstaden sjøen tilbake, og går inn i ei ny tid der store skip legg til kai på Eid.

Salutt
AIDAperla er det fyrste skipet som kjem til den nye Seawalk-kaia på Nordfjordeid, i gangavstand til den tradisjonsrike Eidsgata, Sagastad og sentrum elles. AIDAperla er eitt av dei nyaste og mest miljøvenlege cruiseskipa iverda, og har over 4.000 passasjerar og eit mannskap på 900.

AIDAperla vil bli helst velkomen med kanon-salutt kl 8, slik det høver seg ein stad med 400 år gamle militærtradisjonar. Eidsgata vil bli stengd for biltrafikk og gjort til gågate - med uteservering, handel og aktivitetar i gatene, kunstutstillingar og lett tilgjengelege historiske vandringsruter.

Det vil bli fjordhestar som vandrar i gatene og badar i fjorden, barnehageborn som er ute og ser på skipet, opa kyrkje med konsert, tilbod om hesteskokasting og fotografering saman med vaskeekte vikingar. Over 50 butikkar og 13 serveringsstader er også klare for å ta imot gjester. Butikkane vil særskilt marknadsføra lokale produkt med eigen, nylaga logo. Eidsgata har også sitt eige «Julehus», slik at turistar som ynskjer det kan få ein smak av jul på ein varm vårdag. For dei tøffaste blir det mulig å bade i fjorden på den nye badestranda i Sagaparken midt i sentrum.

Shuttle-bussar
Den store, nye attraksjonen på Eid i sommar, Sagastad, vil sjølvsagt vere ope for publikum med det 30 meter lange Myklebustskipet som hovudattraksjon. Det er i samband med Sagastad også laga ei eiga turløype frå kaia gjennom Eidsgata til Sagastad markert med hestesko i gata: The Viking Walk.

Det er i samband med Nordfjordeid sin debut som cruisedestinasjon laga nye sentrumskart, installert gratis WiFi i sentrum, laga til nye vandreløyper i sentrum og ny skilting. Det blir også forsøkt ut eit tilbod med shuttle-buss mellom attraksjonene i sentrum, Norsk Fjordhestsenter og golfbana på Stokkenes.

– Alle - både frå fjern og nær - er velkomne til CruiseDay på Nordfjordeid 21. mai, melder arrangørane.
– Vi lovar moro for store og små - Eid Inviterer til ein festdag, og vi oppmodar alle som ynskjer det til å flagge for å markere dette fyrste store skipsanløpet til Eid på 30 år, heiter det vidare. Det blir også eit musikalsk avskjeds-arrangement ved Godsterminalen kl 1730 med Eid Musikklag i full uniform på kaia.



AIDAperla sitt anløp 21. mai er det fyrste av 20 cruise-anløp sommarsesongen 2019. Allereie dagen etter, onsdag 22. mai, kjem Zenith med 1900 passasjerar til Nordfjordeid.

AIDAperla tilhører det tyske cruiseselskapet AIDA Cruises, er 300 meter langt og har nær 5000 personar om bord med mannskap og gjestar.