Sigurd Reksnes. Arkivfoto.

Innstiller på attval av Reksnes

Valnemnda i Senterpartiet i Sogn og Fjordane innstiller på attval av Sigurd Reksnes frå Stad som fylkesleiar for to nye år, skriv fylkeslaget i ei pressemelding. 


Nestleiarane Karoline Bjerkeset frå Gloppen og Morten Askvik frå Hyllestad er ikkje på val.


Sigurd Reksnes har vore fylkesleiar i fire år og er no innstilt for to nye år. Reksnes har lang politiske røynsle og var mellom anna gruppeleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane fylkesting i førre periode og han har fleire periodar bak seg som medlem av kommunestyre og formannskap i Eid kommune. Han held fram som medlem i det nye Vestland fylkesting.


- Valnemnda er glad for at Reksnes ynskjer å gå på ein ny periode som fylkesleiar, seier Marius Strømmen som er leiar i valnemnda.


- Sigurd har gjort ein solid jobb som fylkesleiar i den perioden han har hatt dette vervet og eg er heilt trygg på at han vil halde fram med å gjere ein god jobb for Senterpartiet i Sogn og Fjordane og våre saker også framover.


- Med regionreform og viktige politiske utfordringar framover er kontinuitet viktig, seier Strømmen.

Senterpartiet har bestemt å halde fram med to fylkesorganisasjonar i det nye Vestland fylke.


Slik er valnemnda si innstilling: 






























































































FylkesleiarSigurd Erlend Reksnes – Stad (attval)
1. nestleiarKaroline A. Bjerkeset – Gloppen (ikkje på val)
2. nestleiarMorten Askvik – Hyllestad (ikkje på val)
StudieleiarErling Sande – Gloppen (ny)
StyremedlemJan Herstad – Sunnfjord (ikkje på val)
StyremedlemMarit Aakre Tennø – Luster (attval)
StyremedlemIngeborg Sivertstøl – Sogndal (ny)
SenterkvinneneBritt Domben Mulelid – Bremanger (ny)
SenterungdomenSander Solheim – Kinn (ny)
FylkestingsgruppaAleksander Øren Heen – Årdal
StortingsrepresentantLiv Signe Navarsete – Lærdal
1. varaRune Hegrenes – Sunnfjord (attval)
2. varaGunn Åmdal Mongstad – Solund (ny som vara)
3. varaSidsel Kongsvik – Kinn (ny)
4. varaJakob Ruud – Sogndal/Senterungdomen (ny)
Vara SenterkvinneneKristina Tomasgard – Gloppen (ny)
Vara SenterungdomenNina Hjartholm – Gulen (ny)

Svein Orheim – Bremanger (ny)
Vara fylkestingsgruppaJenny Følling – Sunnfjord
Observatørar: 
FylkessekretærPer Rune Vereide – Gloppen
FylkesordførarJon Askeland – Alvær
OrganisasjonssekretærTorunn Flatjord – Gloppen