Home   >   Nyhende   >   Innovasjon Noreg: Nordmenn er positive til turistar

Nordmenn er positive til turistar som kjem til Noreg, viser ei undersøking frå Innovasjon Noreg. Her frå Fløyen i Bergen. Foto: Marianne Løvland/NTB scanpix/NPK.

Innovasjon Noreg: Nordmenn er positive til turistar

Nordmenn er stolte over at utanlandske turistar reiser på ferie til Noreg. Dessutan synest åtte prosent av folk i Fjord-Noreg at det er altfor få turistar i dag, ifølgje ei ny undersøking frå Innovasjon Noreg.

– Noko av det mest interessante er at dei som bur i område med mykje turisme, også er mest opptatt av den positive betydninga av turismen, seier reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Innovasjon Noreg i ei pressemelding.

Blant spørsmåla i undersøkinga «Nordmenns syn på turisme 2018» var korleis ein oppfatta talet på turistar til Noreg i dag. Om lag halvparten av dei spurde opplever at turistvolumet i Noreg generelt, så vel som der dei bur, er «akkurat passe». Tre av ti meiner det er for lågt, ein av ti meiner det er for høgt.

Resultata viser at det er i område som allereie har stor pågang at det er eit ønske om fleire gjester. 12 prosent i Nord-Noreg synest det er for få turistar i dag, og i Fjord-Noreg svarer åtte prosent det same.

Samtidig er det også i Fjord-Noreg (6 prosent) og i Nord-Noreg (8 prosent) at flest har svart at det er altfor mange turistar.

– Dei trekker gjerne fram at det til dømes bidrar til arbeidsplassar og større omsetting av lokalt mat. Samtidig er dei i større grad enn resten av befolkninga klar over baksida av medaljen. Bebuarane her peikar på trafikale utfordringar og slitasje på naturen. Og fire av ti i pressområda meiner turistane tar seg til rette, seier Holm.

Døme på slike pressområde er Geiranger, Bergen, Stryn og Svalbard.

Den regionen som ønsker seg fleire turistar, er Austlandet utanfor Oslo og Akershus. Her svarer 13 prosent at det er altfor få turistar og heile 32 prosent av dei spurde synest det er litt for få. Mest tilfreds med talet på turistar er innbyggjarar i Trøndelag og Oslo/Akershus. (©NPK)