Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Bondevik kjem til Sandane

Bondevik kjem til Sandane

Det blir storfint besøk i Trivselshagen torsdag 31. oktober. Då kjem tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik (72) for å snakke om stoda ute i verda. – Eg gler meg til å kome tilbake til Sandane, seier han.

Det er ein gamal politisk ringrev som no kjem til «Verda og vi». Etter at han gav seg som statsminister i 2005, etablerte og engasjerte han seg i internasjonalt arbeid med fred og menneskerettar, gjennom det som i dag heiter Oslosenteret.

– I ulage?

«Er verdssituasjonen i ulage?» er det spennande spørsmålet og temaet Bondevik skal svare på i Trivselshagen 31. oktober.

Det kan jo vere lett å svare ja på eit slikt spørsmål, når ein følgjer med i dei daglege meldingane som rullar inn heile tida ute frå den store verda, som t.d. situasjonen i Syria dei siste dagane.

Sjølv seier Bondevik at han ønskjer å gje eit nyansert bilete av det som skjer ute i verda no:

– Eg kjem til å snakke om ulike konfliktar i verda i dag, urovekkande tendensar når det gjeld autoritære leiarar, demokratiet si stilling, men også det som går i riktig retning, understrekar han.

Statsminister i to periodar

Kjell Magne Bondevik frå Molde er ein av våre verkelege politiske veteranar. Han sat som stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti i Møre og Romsdal frå 1973 til 2005, etter å ha møtt som vara eit par år i perioden før. I tolv år var han partileiar, i det som etter kvart vart partiet si gulltid. Han var både kyrkje- og undervisningsminister og utanriksminister, før han vart statsminister for første gong i ei mindretalsregjering saman med Senterpartiet og Venstre. Det var i 1997, og då fekk KrF ei oppslutning på heile 14 prosent i valet, tal som dagens leiing berre kan drøyme om. Denne regjeringa vart sitjande til år 2000. Året etter kom Bondevik tilbake til sin andre periode som statsminister, omtala som Bondevik II, også denne gongen for ei mindretalsregjering, no saman med Høgre og Venstre. Den vart sitjande til 2005, då Stoltenberg og dei raudgrøne tok over.

Noko mange hugsar og hyllar Bondevik for, er at han so ope fortalde om si sjukmelding som statsminister i tre-fire veker i sin første periode, etter det som vart omtala som ein «depressiv reaksjon». Det fortalde folk flest at det «å møte veggen» er noko som kan råke alle, og ikkje er noko å skamme seg over.

Ikkje mange som har prøvd

Når vi spør Bondevik om korleis han i dag ser tilbake på sine to periodar og tida som norsk statsminister, svarar han at det var lærerikt og spennande.

– Men det var også svært arbeidskrevjande og ansvarsfullt. Det er ingen som veit kva det vil seie å ha vore statsminister utan å ha vore det. Og då er vi ikkje so mange i Noreg som veit det, smiler han.

– Har norsk politikk endra seg mykje sidan di tid?

– Ja, først og fremst korleis dei sokalla sosiale medium no pregar meir av debatten og informasjonen.

Internasjonalt engasjement

Etter at Kjell Magne gjekk av som statsminister i 2005, var det slutt på den politiske karrieren. Men engasjementet i arbeid for fred og menneskerettar ute i verda var sterkt. Difor tok han initiativet til det som i dag heiter Oslosenteret, med nettopp dette som hovudtema. Om overgangen frå statsminister til Oslosenteret, seier han i dag:

– Eg fekk halde fram med det internasjonale engasjementet eg hadde som statsminister, og kunne trekke på den erfaringa eg fekk der. Men eg slapp det enorme ansvaret det var å vere statsminister, sjølv om det også var ansvarskrevjande å leie senteret.

I dag er han arbeidande styreleiar:

– Eg har redusert noko både på reising i utlandet og på arbeidstida. Det passar utmerka for meg no, i min alder og livssituasjon, slår han fast.

Apalset og Hjelmeset

Kjell Magne har vore fleire gongar på Sandane. Vi kan hugse at vi alt på 1980-talet intervjua Bondevik som då var partileiar for KrF, saman med fylkesleiar Jakob Apalset.

– Ja, eg har mange gode minne frå Sandane. Jakob Apalset var ein god ven og medarbeidar, og eg overnatta fleire gongar i heimen hans, minnest Kjell Magne.

Ei heilt spesiell oppleving, som mange vil hugse, er då statsminister Bondevik var her på Sandane 2002 og kunne gje Odd-Bjørn Hjelmeset sin høgst fortente olympiske medalje på 50 km langrenn. For dei som ikkje hugsar historia, vart Johann Mühlegg avslørt som ein gedigen juksemakar og dopar under OL i Salt Lake City same år. Odd Bjørn som hadde fått den sure fjerdeplassen, rykte opp til bronse. Sjølv om det aldri er det same å få medaljen lang tid i etterkant, vart utdelinga på Sandane med statsministeren i spissen i alle fall eit verdig plaster på såret.

– Ja, eg hugsar godt utdelinga av OL-medaljen til Odd-Bjørn Hjelmeset. Det var ein fantastisk folkefest i Sandane sentrum, masse folk og verkeleg flott stemning. Odd-Bjørn var ein stor idrettsmann, slår den sportsinteresserte eks-statsministeren fast.

Trivst på midtbana

Fotball, og sjølvsagt laget frå Rosenes by, er framleis ei stor interesse for Bondevik. Det er også vel kjent at han framleis sjølv trenar fotball, to gongar i veka så sant han har høve.

Her har vi fått innsideinformasjon frå sosialdemokrat og professor Rune Slagstad, som også er med på desse treningane. Han har fortalt oss at i den eine gruppa er det kapitalistar som får Bondevik til å nesten virke raud og han sjølv mørkeraud, i den andre er det teologar som også er til dels konservative og har litt av same effekten. Kven som er best i fotball, sa ikkje Rune noko om.

– Ja, Rune og eg spelar begge fotball i to grupper. Eg skal ikkje røpe kven som er best. Vi likar begge å spele på midtbana, og det synst jo eg er bra, ler Kjell Magne Bondevik.

Slik svarar sjølvsagt ein røynd politikar, som det blir svært interessant å høyre på når ikkje fotball, men den spente verdssituasjonen er tema i « Verda og vi» 31. oktober.