Heim   >   Fylket   >   Statsbudsjettet: Ingen midlar til Stad skipstunnel

Illustrasjon: Kystverket.

Statsbudsjettet: Ingen midlar til Stad skipstunnel

Det er ikkje sett av oppstartsmidlar til Stad skipstunnel i framlegget til statsbudsjett for 2020.

– Eit samla næringsliv på kysten er svært skuffa over at det ikkje ligg inne oppstartsmiddel til Stad skipstunnel på statsbudsjettet 2020, seier styreleiar Rolf Domstein i Stad skipstunnel til Fiskeribladet.

I 2017 ferdigstilte Kystverket eit forprosjekt for Stad skipstunnel. Den eksterne kvalitetssikringa var ferdig i mai 2018 og viste at venta kostnad hadde auka til 3,7 milliardar kroner. Kystverket fekk i 2018 i oppdrag å gå gjennom prosjektet for å redusert kostnadane ned mot investeringsramma som var lagt til grunn i Nasjonal transportplan 2018–2029.

I framlegget til statsbudsjett for 2020 står det at rapporten er levert og at den no er til gjennomgang i Samferdsledepartementet. (©NPK)