Heim   >   Fylket   >   Ingen Luttpris til Gloppen

Det var Thea Hjelmeland som stakk av med årets Luttpris

Ingen Luttpris til Gloppen

Luttprisen vart delt ut i Førde i kveld med 10 artistar på scena som kjempa om tittelen årets artist i Sogn og Fjordane.

Mellom dei var to frå Gloppen, nemleg SJUR og Sofia Hyttedalen. Men ingen av dei nådde altså opp.

Kritikarrost album

Det var Thea hjelmeland frå Førde som til slutt stakk av med prisen. Ho fekk den for albumet Kulla som fekk svært gode kritikkar i fjor.

Årets nykommar vart bandet Jackbow frå Eid.