Ei fullsett Helgheim kyrkje tok avskjed med Ingar Sægrov fredag

Ingar fekk ein fin avskjed

Helgheimskyrkja var meir enn fullsett då Jølster fredag tok farvel med Ingar Sægrov (56) Ingar var mannen som vart teken av raset på sørsida av Jølstravatnet 30. juli, og som enno ikkje er funnen.



Det vart ei fin og verdig avskilsstund på alle måtar, og ein seremoni som sokneprest Silje Sørebø leia på ein lun og fin måte. Alt i alt ein avskjed som alle som kjende Ingar vil seie var i hans ånd.

Ei bygd i sorg

Presten starta med å seie at hendinga 30. juli har prega ei heil bygd og at dei næraste etterlatne er takksame for all hjelp og støtte dei har opplevd i den tunge tida etter at Ingar vart teken av raset. Ho fortalde også om ei familie som prøver å legge hendinga bak seg og komme seg vidare.

- Vi såg alle båtene på vatnet som leita etter Ingar, det gjorde inntrykk på oss alle, sa presten som aller først i denne seremonien kom med det som er ei gladsak opp i alt det triste, nemleg at det er løyvd pengar til å heve bilen til Ingar og at det vil bli gjort forsøk på dette i november.

Smil og tårer

Avskjeden med ingar Sægrov vart ei stund med vakker song og musikk, ei stund der det veksla mellom tårer og smil. Tårer frå dei næraste som har mista ein ektefelle, far og bestefar, men også smil frå arbeidsgjevarar og kollegaer som mintest ein arbeidsom og flink mann med glimt i auget og slåande replikkar.

Vi fekk gjennom mange minneord teikna eit bilete av ein omsorgsfull familiemann som var glad i sine næraste og som gjorde alt for at dei skulle ha det bra. Det kom også fram at han var ein dyktig fagmann i yrket sitt og at han var ein som alltid hadde mange ballar i lufta på heimebana på Sægrov og på gardsbruket i Gjesdalen.

-Du var alltid så snill og omsorgsfull, sa dottera Charlotte.

-Han var kanskje den beste eliktrikaren vi har hatt og han var med og førde ni lærlingar fram til fagbrev den tida han var hos oss, sa Svein Årdalsbakke i Årdalsbakke Elekto, bedrifta der Ingar starta si yrkeskarriere. Også noverande arbeidsgjevar, GK, rosa ein flink, samvitsfull og godt likt kollega som også hadde stor tillit hos kundane.

Urettferdig

-Verda er urettferdig, sa presten og viste til eit dikt ho hadde fått i hende etter ulukka 30. juli.

-Eg tykkjer det er vanskeleg å snakke om Gud i slike stunder som i dag. For viss det finst ein allmektig Gud, kvifor greip han ikkje inn og hindra at Ingar vart teken av raset?, spurde Silje Sørebø som, til liks med alle andre håpa at dei etterlatne snart kan få ei grav å gå til.

Anja Gulbrandsen framførde to vakre songar, den eine var "Vise til far" av Sigrid Moldestad, der ei line i teksten lyder slik:

"Blir eg nokonsinne klar blir eg vaksen nok te å klare meg utan ein far"

Minnestunda vart avslutt med at Anja Gulbrandsen song Benny Borg sin vakre tekst "God morgon min kjære" Siste verset sette eit fint puktum for stunda til minne om Ingar Sægrov.

God natt, min kjære
Nå har dagen endt
Og snart så skal jeg sovne inn
Og drømme om at du er her
Så varm og god og like nær.