- Inga retningsendring i landbrukspolitikken

- 1 milliard er eit utgangspunkt for forhandlingane, men vil føre til at inntektsforskjellane i kroner aukar mellom bønder og andre grupper. Staten overdriv moglegheitene for prisuttak innan gris og lam, noko som gjer at dei reelle inntektsmoglegheitene er lågare enn kva Staten legg opp til.

Dette seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, etter at staten la fram tilbodet sitt i jordbruksforhandlingane tysdag føremiddag.

Felde fortel at jordbruket sitt krav på 1920 millionar kroner la til rette for ein inntektsauke for bøndene på 31.000 kroner per årsverk. Dette ville redusert inntektsavstanden mellom næringa og andre grupper i samfunnet. I tilbodet sitt legg også staten opp til ei heving av inntektsnivået i næringa.

- Staten prioriterer distrikt høgare enn dei prioriterer små og mellomstore gardsbruk. Bondelaget har utfordra regjeringa på innføring av tak på tilskot. Det er svært skuffande at staten ikkje kjem oss i møte på dette.

Ifølgje Felde vil dette på sikt gje ein meir sentralisert produksjon, og legg til rette for stordrift framfor eit mangfald av også mindre gardar over heile landet.

- Den manglande satsinga på korn er vi redde for fører til auka grasproduksjon i kornområda, og dette er svært negativt for distriktslandbruket. Vi risikerer då at satsinga på raudt kjøt i kornområda held fram.

Nokre lyspunkt

- Vi er glade for at det ligg inne ei satsing på grøntnæringa. Det gir gode moglegheiter for auka produksjon også på Vestlandet. Vi kjem som område bra ut av grøntsatsinga grunna ei prioritering av distriktstilskot innan frukt og bær, og dette er positivt, meiner bondelagsleiaren.

Ifølgje Anders Felde er Vestlandet også prioritert på husdyr og mjølk, men om det blir avtale i jordbruksoppgjeret gjenstår å sjå.

- Skal det bli ein avtale, må staten strekkje seg langt i forhandlingane både når det gjeld budsjettkroner og retningsendring i landbrukspolitikken, sår han fast.

Jordbruket vil framover nytte tida på å gå gjennom tilbodet og bestemme om det er grunnlag for å gå i forhandlingar eller ikkje.