- Ikkje noko problem

- Vi ser ikkje på ei slik ordning som noko problem. Skjenking vil ikkje foregå inne i butikken eller omvendt, sal i skjenkeområdet, skriv Nordenfjeldske Kontroll. 

På førespurnad frå Gloppen kommune har skjenkekontrolløren vurdert kva utfordringar det blir for dei om Bakar-Jon på Byrkjelo får løyve til sal og skjenking av alkohol i same bygning. Nordenfjeldske Kontroll viser til Nesset kommune i Møre og Romsdal i svaret sitt:

- Der har dei ei slik løysing med sal og tilstøytande skjenking utan veggar. Områda er sjølvsagt klart og tydeleg åtskilde.

Gloppen formannskap har to gongar avvist søknaden frå Bakar-Jon om skjenkeløyve for alkohol. Avslaga vart mellom anna grunngjevne med problematikken kring skjenking og sal i same lokale. Etter klage vart vedtaket oppheva av Fylkesmannen.

Formannskapet skal handsame saka på nytt i slutten av august.