Ikkje la deg lure av denne e-posten som absolutt ikkje er sendt ut av Sparebankgruppen 1

Ikkje la deg lure av denne

E-post-svindel er blitt eit kjent og omfattande omgrep, og omfanget ser ut til å vere aukande. Sjølv om mange av desse svindelforsøka er relativt lette å gjennomskue, er det likevel mange som let seg lure til å gje frå seg personopplysningar, passord og kontonummer.

I dag dukka denne varianten opp. Den gir seg ut for å vere frå Sparebank 1-gruppa og kom med melding om at "kortet ditt er blitt sperra etter ein teknisk hendelse i vår kundedatabase". Så kjem det "oppskrift" på korleis "problemet"kan løysast.

Ikkje frå oss

Vi sende e-posten vidare til kommunikasjonsdirektør i Sparebank 1-gruppa, Ida Håvik, med spørsmål om dei har noko med dette å gjere. Svaret kom kjapt og det var negativt.

- Dette er absolutt ikkje frå oss. Det er eit forsøk på såkalla «real time phishing», dvs. svindel. SpareBank 1 har kommunisert mykje rundt dette dei siste vekene, også i din region, skriv kommunikasjonsdirektøren.

Det er såleis ingen grunn til å uroe seg eller gjere noko som helst for dei som måtte ha fått dette i innboksen sin.