Ikkje knekk eldsjelene i Trivselsskogen

Lesarinnlegg av Laila Bergheim Ommedal:

For fyrste gong etter at eg flytta til Gloppen for 14 år sidan tek eg tastaturet fatt og skriv avisinnlegg. Eg er så skuffa og frustrert over politikarane i Gloppen og «Ilter på tråden» i Firda Tidend fredag 22. mars at eg må «skrive det av meg»!

Eg trudde fyrst ikkje det var sant då eg fekk vite at formannskapet i sitt siste møte hadde avslått å gje støtte til Trivselsskogen og sikring av Holvikfossen. Men det var det.

Else Tystad hevdar bramfritt i Firda Tidend at Gloppen kommune må setje bremsa på for pengebruk i Trivselsskogen - «der har dei allereie brukt nok». Så vidt eg veit har ikkje Gloppen kommune løyvd ei einaste krone til dette prosjektet som på kort tid har skapt stor merksemd på nasjonalt plan. Det er etter mi meining nesten skammeleg. Riktig nok vart det gitt 250.000 kroner frå Næringsfondet i 2015, men dette er pengar som kommunen får tildelt frå fylkeskommunen, dei kan kun brukast til næringsutvikling. Ikkje til verken helse, skule eller anna kommunal drift. Samstundes har Trivselsskogen tilført kommunen 5 MILLIONAR kroner i form av spelemidlar frå fylkeskommunen og gåver frå stiftingar. I tillegg har positive innbyggarar i kommunen kjøpt andelar og lyktestolpar. Kva næringslivet har gått inn med er ikkje eg kjend med, men eg håpar verkeleg dei har kjent si besøkelsestid og ytt sin del.

No søkjer styret i Trivselsskogen kommunen om sine fyrste kroner, altså 400.000 frå kommunebudsjettet og nye 200 000 kroner frå næringsfondet til sikring av Holvikfossen. For det er det dette handlar om. Den dagen det (Gud forby) skjer ei ulukke der oppe vil det ikkje berre ramme Trivselsskogen. Det vil ramme Gloppen kommune og Sandane. Og det trur eg diverre har blitt underkommunisert ved å kalle tiltaket fosseteater og utsiktsrampe. Det er mest av alt ei sikring mot fall på 80 meter utfor ein foss.

Eg rykker litt tilbake i tid, til då eg flytta hit. Då hadde eg i fem år vore leiar for eit statleg initiert tettstadutviklingsprosjekt i min heimkommune. Det fyrste som slo meg då eg kom til Sandane og Gloppen var alle servicetilboda denne kommunen har i form av butikkar, kulturtilbod og anlegg for idrett og aktivitet. Det er faktisk ganske unikt for ein kommune med berre 6000 innbyggarar. - Kva er det med denne staden, undra eg meg.

Eg fann fort ut at her er det mange eldsjeler som gladeleg stiller på dugnad, men som og er fantastiske til å støtte opp om alle tilboda. Her bur det folk som er medvitne om at det dei har må dei ta vare på. Ein har dei tilboda ein fortener.

Det eg ser politikarane i Gloppen gjer no skremmer meg. I staden for å stå rakrygga og heie fram eldsjeler tek dei krokfot på dei. Dei gir etter for negative kommentarar på Facebook og i lokalavisa. Det er valår, må vete. Har det gått politikarane i Gloppen, og dei som brukar tastatura og telefonane sine til negativitet, hus forbi at Trivselsskogen er eit prosjekt som har skapt merksemd langt ut over Gloppen sine grenser? Området vart kåra til ei av dei fem beste turrutene i landet! Folk har lagt ned tusenvis av dugnadstimar i skogen. Dei har jobba alle laurdagar i dei siste tre åra, dei har vore der dagar og kveldar midt i veka og. Og alle, utan unntak, har brukt fritida si til dette arbeidet! Er det berre folk utanbygds frå som ser og verdset dette? Eg høyrer berre godord om andre store dugnadsprosjekt, som Åsen Vel, NM på Byrkjelo og Norsk Countrytreff noko som er SÅ vel fortent. Kvifor snakkar glopparar negativt om Trivselsskogen?

Eg er sjølv aktiv brukar av Trivselsskogen. På tur der møter eg stadig folk som kjem hit både frå nabokommunar, andre deler av landet og sogar utlandet. Det gjer dei fordi dei har høyrt om dette unike prosjektet. Dei har lest om det og sett bilete på Facebook og Instagram. Dette måtte dei reise til Sandane for å sjå og oppleve! Dei er heilt fascinert av alt som er bygd og lagt til rette, og spør om vi er klar over kor heldige vi er som har eit slikt område i kommunen. Og desse går ikkje berre tur når dei er her. Dei brukar servicetilboda våre! Før eller etter turen handlar dei hageplantar på Katahamrane, mat på Bakaren og Lauget, dei er innom Arkja og kjøper klede, dei bur på campingplassen og hotellet, berre for å nemne noko.

Trivselsskogen er fantastisk marknadsføring av Gloppen. Det er folkehelse, bumiljø, trivsel og ikkje minst næringsutvikling! Dette siste trur eg diverre mange ikkje har skjønt. Eit kommunestyre kan ikkje vedta arbeidsplassar. Arbeidsplassar må ein legge til rette for og gjere seg fortent til - i godt samarbeid mellom politikk og administrasjon.

Eg observerer med interesse den farten bustadbygginga i kommunen har tatt dei siste åra. Ungdom flyttar tilbake til heimkommunen sin, men det kjem og tilflyttande familiar utan tilknyting til Gloppen. Mange av desse etablerer eigne arbeidsplassar. Det hadde dei ikkje gjort utan tru på Gloppen som samfunn, at her er det mykje positivt som skjer, og at her vil det vere kjekt å bu og arbeide. Desse gir skatteinntekter i kommunekassa som kan brukast til å sikre gode barnehagar, skular og ei god eldreomsorg.

For dette handlar ikkje berre om Trivselsskogen i kommunesenteret. Det handlar om Stisenteret på Vereide. Det handlar om den nye råsa til Eggenipa. Det blir hanka inn titals millionar i midlar utanfrå til desse prosjekta, og Gloppen er i ferd med å ta ein posisjon nasjonalt i tilrettelegging for varierte former for naturbruk og friluftsliv. Dette bør politikarane i Gloppen støtte! Eg er som tidlegare politisk aktiv veldig klar over at det er vanskeleg å prioritere slik når det er tronge tider, men det er nettopp då ein bør gjere det! Elles grev vi oss ned i ein negativ trend. Min heimkommune var på Robek-lista då vi valde stadutvikling som strategisk satsingsområde. Og det gav så positive resultat at det skapte merksemd nasjonalt og langt inn i departementa i Oslo.

Mitt poeng er at høvesvis små pengar UT i eine enden gir mykje meir pengar INN i den andre. I staden for å ta krokfot på alle desse eldsjelene som brenn for eit prosjekt som har skapt merksemd over heile landet, så bør politikarane i Gloppen heie dei fram. Og vi som ikkje er politikarar og som syns Trivselsskogen er med og gir oss ein rikare kvardag må tore å gje uttrykk for at vi er stolte av det som er skapt! Det går mot val for oss også.