Engebø.

- Ikkje berekraftig bruk av Førdefjorden

I ei høyringsutsegn kjem Havforskingsinstituttet med fleire faglege innvendingar mot den omstridde gruvedrifta på Engebøfjellet.


– Dette bygger på ei samla vurdering av dei forventa effektane på økosystemet, seier forskar Terje van der Meeren, som har leidd arbeidet med Havforskingsinstituttets høyringsutsegn.

Havforskingsinstituttet meiner mellom anna at søknaden ikkje har ei overbevisande skildring av korleis dei skal hindre såkalla finpartikulært gruveavfall i å nå gyteområda til kysttorsken.

Søknaden inneheld ifølgje Havforskingsinstituttet ingen mildnande tiltak for kysttorsken når det gjeld sprengingsaktivitet.

Det er i tillegg lagt for lita vekt på episodiske hendingar som ekstremvêr og varierande straumforhold i fjorden, ifølgje instituttet. Dei meiner òg at det vil ta mykje lengre tid å gjenetablere artsmangfaldet enn dei ti åra etter avvikla gruvedrift, slik det er antyda i driftssøknaden.

Nordic Mining skal vinne ut rutil og granat i gruveprosjektet på Engebøfjellet. Selskapet har fått løyve til å deponere 250 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden i Sogn og Fjordane, noko miljøaktivistar har reagert skarpt på.

(©NPK)