Ikkje avgjerd om kraftfusjon

Det einaste som vart avgjort på dagens styremøte i Sunnfjord Energi, er korleis den vidare prosessen skal køyrast. Dette blir ein prosess der eigarane av selskapet får svært kort tid på seg til å ta avgjerd.



Ifølgje det styreleiar Arvid Andenæs i Sunnfjord Energi, skal det no bli eit løp der eigarane, altså kommunestyra i eigarkommunane skal informerast i april, før eit nytt styremøte i Sunnfjord Energi 13. mai skal bestemme korleis tilrådinga til kommunane blir.

Kommunestyra tek avgjerd i juni

Saka blir handsama av kommunestyra enten i mai eller juni. 26. juni blir det generalforsamling i selskapet som, med 2/3 fleirtal skal ta avgjerd om fusjon eller framtidig aleinegang.

Slik er løpet lagt opp for den største og viktigaste saka for Sunnfjord på lange tider.Dette er eit løp ordføraren i Jølster er lite nøgd med.

-Kvifor har det slik hast plutseleg? Her har det vore forhandla med SFE i to år og så skal dette avgjerast på to månader. Det er også spesielt å ta ei slik sak opp til avgjerd rett før eit val. Vi må  ha ein grundig offentleg debatt om strategiane vidare, seier Oddmund Klakegg.

Store verdiar

-Vi snakkar her om store verdiar og denne saka krev ei heilt anna og grundigare utgreiing enn ei tilråding frå styret i SFE, seier Oddmund Klakegg som som hevdar at han veit lite om kva som går føre seg i styrerommet til Sunnfjord Energi. Men han opnar for ei løysing som gjer at han eventuelt kan støtte ein fusjon mellom BKK og Sunnfjord energi.

-Det er ikkje BKK som er problemet her, men deira største eigar Statkraft. Det var dei som ville setje kjeppar i hjula for utbygginga i Jølstra og det var dei som ikkje ville vere med på Østerbø kraftverk i Høyanger. Dei var også skeptiske til at BKK skulle gå inn i. Sel dei seg ut av BKK, kan eg vere med på fusjon, er meldinga frå Oddmund Klakegg.

Politisk spel
Vi har lagt Oddmund Klakegg sine tankar fram for styreleiar Arvid Andenæs som seier dette:
– Det er klart at det er eit visst politisk spel opp i prosessar som dette, det vil det alltid vere. Men kvifor vil han ha lengre tid?, spør Andenæs som meiner at dei to fusjonsprosessane som Sunnfjord Energi har vore involverte i er to forskjellige ting.
– I forhandlingane med SFE var det snakk om samanslåing av to likeverdige selskap, der forretningsadresse mellom anna var tema og der det også var snakk om ein rasjoneringsgevinst på 50 millionar årleg. I prosessen med BKK handlar det om heilt andre ting. Her er det eit stort selskap som ønskjer å kjøpe oss og der det handlar om pris på aksjane og arbeidsplassar, i tillegg til redusert nettleige, forklarar Andenæs. Han minner også om at om det blir bestemt å halde fram som eige selskap, må Sunnfjord Energi splittast opp i nett- og produksjonsselskap, i tillegg til morselskap innan 2021.
– Ein slik prosess tek tid og den må startast i år, om det blir tilfelle. Slik sett må vi ha ei avgjerd når det gjeld fusjon før sommaren. Vi har også ein situasjon der ein av eigarane ønskjer å selje til BKK som i så fall vil få over 50 prosent eigarskap i Sunnfjord Energi og kan styre prosessen som dei vil.
– Ja, men det kan dei fire samanslåingskommunane i Sunnfjord hindre om dei brukar forkjøpsretten sin?
– Det er riktig, men vi veit ikkje i dag om dei kjem til å bruke forkjøpsretten, gjer dei det, vil dei ha over 50 prosent eigarskap.

Skal få god tilråding
– Vi er altså på ingen måte ferdig med forhandlingane og når kommunane får vår tilråding, så skal den vere grundig og velfundert. Eg kjem ikkje til å stille meg bak ei tilråding til eigarane før eg er sikker på at vi har eit godt resultat å legge fram. Og det er eigarane som til sjuande og sist avgjer dette, ikkje styret.
– Kva er verdien av aksjane i Sunnfjord Energi?
– Dette er ting vi forhandlar om og som vi til slutt skal ha ein tredjepart inn for å kvalitetssikre. Men Steinar Dvergsdal har no sagt noko om det, han må no ha funne desse tala ein plass.
– Du vil ikkje seie noko om verdien?
– Eg har ikkje lov å seie noko.
Store og sterke
Det er grunn til å tru at det vart ein viss temperatur på styremøtet som reaksjon på at styremedlem Steinar Dvergsdal gjekk ut offentleg med opplysningar om delar av tilbodet frå BKK, noko Arvid Andenæs på sett og vis bekreftar.
– Steinar Dvergsdal er ein dyktig kar som det er vel verd å lytte til, men det er ikkje alltid han får det som han vil. I denne saka gjorde han noko som eg absolutt ikkje likte, og det fekk han beskjed om, men vi har lagt det bak oss og er klare til å gå vidare.
– Vi er no litt store og sterke begge to, så då kan det til tider gå litt varmt føre seg, slik er det berre.

 

 



 

 

Det var tilsynelatande god stemning mellom styremedlem i Sunnfjord Energi, Steinar Dvergsdal t.v: og styreleiar Arvid Andenæs. Stemninga var litt annleis då Dvergsdal tidlegare i denne veka gjekk ut med detaljar frå BKK sitt tilbod.