Magni Aa Berge er leiar av Gloppen sin aksjonskomité for Tv-aksjonen 2018. Saman med Dagfinn Nyhammer og 85 andre frivillige organiserer dei innsamlinga søndag.

I rute før TV-aksjonen 2018

«Ein dugnad for fellesskapet» er årets TV-aksjon kalla. Kirkens Bymisjon har tilbod til  menneske som står utanfor samfunnet. Rusavhengige, einsame eldre og born frå fattige familiar er nokre av dei som får hjelp av organisasjonen.

Kirkens Bymisjon får overskotet frå TV-aksjonen denne hausten. Organisasjonen er til stades i over 40 byar og tettstadar over heile landet. Kirkens Bymisjon har i dag meir enn 200 ulike tiltak for å hjelpe og støtte rusavhengige, fattige og marginaliserte menneske.

– Eit godt formål

Leiar i Tv-aksjonen 2018 i Gloppen, varaordførar Magni Aa Berge, tykkjer valet av Kirkens Bymisjon som mottakarorganisasjon av pengeinnsamlinga er fornuftig.

– Sjølv om ikkje Kirkens Bymisjon driv arbeid i vår kommune, synest eg det er ein flott organisasjon, og dei har god geografisk spreiing. I byane våre er det andre utfordringar enn på bygdene, med rus og menneske som lever på gata. Spesielt tykkjer eg arbeidet Kirkens Bymisjon gjer for at fattige born skal få vere med på minst éin fritidsaktivitet i veka, er veldig bra. Det er utruleg viktig. Organisasjonen når òg andre grupper som er hamna på utsida av samfunnet. Dei serverer mellom anna både gratismåltid og tilbyr overnatting, seier Aa Berge.

85 bøsseberarar

I Gloppen er 85 bøsseberarar klare til innsats. Hovudkvarter for aksjonen vert som vanleg i sparebanken på Sandane. Dei som sit i komiteen vert no valde inn for to år av gongen. Slik skaffar ein seg kontinuitet i arbeidet.

– Vi er utruleg heldige som har med oss Dagfinn Nyhammer til oppteljinga i banken. Han har meir enn tjue års fartstid med TV-aksjonen, og er svært rutinert. Han er god å ha. Det har vore lett å få bøsseberarar, folk er velvillige og stiller opp om dei kan. Ein del er sjølvsagt vekke på tur i helgane, men det har likevel gått greitt å skaffe nok frivillige til innsamlinga, seier Aa Berge.

– Sit klare med pengane

Ho understrekar at om ein er vekke, er det råd å vippse bidrag til TV-aksjonen. Gjer ein det mellom klokka 14.00 og 16.00, kjem det med på Gloppen-statistikken. Nummeret er 2133.

– Eg har sjølv vore bøsseberar, og folk er utruleg positive når ein kjem. Dei sit klare med pengane, så det er kjekt, seier Magni Aa Berge.

Ho slår fast at TV-aksjonen kan vere ei påminning til oss alle om at ikkje alle har det bra, og at ein må ta vare på alle menneske i samfunnet.