I fjellveggen i Prestesvingen

Litt over kl. 07.00 måndag morgon fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrd i fjellveggen i Prestesvingen på E39 mellom Sandane og Reed. 

Ein person blei send til legesjekk etter uhellet.

Det var ein periode store trafikale problem på staden, men vegen er no heilt opna for trafikk att.