Home   >   Nyhende   >   Hyttejul utan eiga hytte

Haukeliseter Fjellstue har ope i jule- og nyttårshelga. Foto: Sindre Thoresen Lonnes/DNT.

Hyttejul utan eiga hytte

Du treng ikkje eiga hytte for å feire hyttejul. Ei handfull av dei betente hyttene til Den Norske Turistforening har ope på sjølvaste julaftan og nyttårsaftan. I romjula er det mange hytter å velje mellom blant dei sjølvbetente og ubetente DNT-hyttene.

Haukeliseter Fjellstue ved inngangen til Hardangervidda nasjonalpark er open heile året, og inviterer til jule- og nyttårsfeiring på høgfjellet med god mat frå morgon til kveld.

På Haukeli er det lagt til rette for aking, kvista skiløyper og toppturar. Elles ligg Haukelifjell Skisenter og Røldal Skisenter ikkje så langt unna.

Kystjul

DNT Telemark kan tilby fire hus til leige på Jomfruland og Øitangen, heilt på nordspissen av øya, midt i nasjonalparken. Her finn du fire utleigeeiningar med til saman 51 sengeplassar. Det er bad med dusj og toalett i kvart hus. Alle kjøkken inneheld komfyr, kjøleskap og oppvaskmaskin. Så gjestene treng berre ta med eigen mat og drikke.

Nyttår på fjellgard

DNT-hytta Svukuriset, som er ein ombygd fjellgard ved Femunden 830 meter over havet, tilbyr nyttårsfeiring med mat og drikke. Her blir det også fakkeltog og bålbrenning.

Hytta er elles eit godt utgangspunkt for varierte skiturar i vennleg åslandskap. Om vêret tillèt det, kan det bli ein avstikkar opp på ein av toppane med køyring rett ned til Svukuriset.

Jul for einsame

Det er mange som sit aleine på julekvelden av ulike grunnar, eller ikkje har høve til å feire jula. Eiksetra turisthytte i Lier ønskjer å skape ei minnerik julaftan med heimelaga julemat, juletre og ekte julefeiring for 40 personar som treng det mest. Det kostar ikkje noko å vere med, men vertskapet vil ha påmelding frå dei som kjem.

Finne julefreden

For deg som vil vere i fred i jula utan så mange andre er det mange DNT-hytter å velje mellom. Dei ubetente og sjølvbetente hyttene er dei rimelegaste alternativa i fjellet.

På nettsida til Turistforeininga finn du oversikt over dei mest fredelege og koselege hyttene og annan hytteinformasjon. (©NPK)