Den kjende sosialantropologen og professoren Thomas Hylland Eriksen kjem til «Verda og vi» i Trivselshagen 27. februar.

Hylland Eriksen og Herbjørnsrud til «Verda og vi»

– Det må vere lov å håpe på litt meir håp og optimisme med tanke på å finne løysingar på kloden sine store utfordringar, seier sosialantropolog og professor Thomas Hylland Eriksen (58), som saman med idéhistorikar og forfattar Dag Herbjørnsrud (49) går inn i vår tid i «Verda og vi» på Sandane 27. februar.

I november i fjor gav Herbjørnsrud ut boka «Gå inn i din tid». Den er basert på fem lange samtalar mellom forfattaren og Hylland Eriksen. Kvar samtale handlar om eitt tiår, frå 1980 til 2030. Her auser dei to karane av sin rike kunnskap om spennande tema, lokalt og globalt. På spørsmål om det er ein spesiell bodskap dei ønskjer å formidle gjennom boka, svarar Hylland Eriksen:

– Det må i så fall vere at det er betre å tenne eit lys enn å forbanne mørket. Vi må vere optimistar og humanistar.

Mange kjenner vel Hylland Eriksen frå TV-skjermen gjennom fleire tiår, med interessante analysar. Som ein framifrå formidlar, er han ein kapasitet også internasjonalt, og har fått ei rekkje utmerkingar for arbeidet sitt. Verken han eller Herbjørnsrud, også kjend som tidlegare redaktør i Ny Tid, er skorne for tungebandet. Dei vil både snakke om boka og andre aktuelle tema, og dei er opne for spørsmål om det meste frå salen.



Det er med andre ord duka for ein svært interessant og spennande kveld i Trivselshagen 27. februar.