Hurra for klimastreiken!

Lesarinnlegg av Martin Eikeset Koren, Miljøpartiet dei grøne.

Sist fredag var eg på Sandane, og der fekk eg den store gleda av å sjå og høyre dei engasjerte skuleungane som streika for klimaet. Eg er sikker på at dei har fått mykje velfortent god merksemd. Men det må ikkje stoppe der! Den vanlege reaksjonen frå vaksne er smil og klapp på hovudet og “Så flott (og søtt, barnslig og naivt) at dei engasjerer seg!”. Samtidig tenkjer ein at realismen tidsnok vil innhente dei søte små. Snart vert dei vaksne og skjønner at arbeidsplassar, lånerenter og bompengar trass alt er mykje viktigare enn klimaendringar, utrydding av verdas dyr, at det vert meir plast enn fisk i havet og sånne ting som barn er opptatt av. Tydelege døme på at denne triste utviklinga frå ungdom til vaksne faktisk skjer kan ein sjå i overgangen frå nokre politiske ungdomsparti til moderpartia...

Den svenske jenta Greta Thunberg starta det heile, og no streikar skuleungane på Sandane saman med tusenvis av barn og unge over heile verda. Kvifor? For at vi vaksne skal ta på alvor at levemåten vår øydelegg naturen, klimaet og livsgrunnlaget vårt. Og i denne saka er det ikkje dei vaksne som veit best; som er kloke og realistiske medan desse ungane er barnslige og naive. Her er det dei unge som uhilda ser den enkle sanninga, medan dei vaksne har vorte godt vande og egoistiske. Dei vaksne vil ikkje gje slepp på flyreisene, bensinforbruket, og ein komfortabel livsstil som gjer at vi driv rovdrift på jorda sine ressursar. Difor lagar dei seg dårlege unnskyldningar om at økonomisk utvikling, kjøpekraft osb. er viktigast.

Sjølvsagt kan vi og må vi vende om til eit samfunn og ein livsstil som vi kan halde fram med i all framtid utan å øydeleggje for dei som kjem etter oss! Noko anna er jo eigentleg absurd om ein tenkjer litt på det. Å ta vare på naturen og miljøet og stogge klimaendringane er faktisk viktigare enn det aller meste anna.

Heldigvis er ikkje alle vaksne heilt inngrodd i draumen om billeg bensin og auka forbruk, og eg vonar dei unge eg trefte på Sandane og streikevenane deira i resten av verda verkeleg vert lytta til, for det er NO vi må gjere noko! Fortsett å stå på, ungar og ungdom! For å seie det barnsleg naivt, men sant: Då kan vi kanskje saman klare å redde verda.