– Hundeeigar skal ha kontroll på hunden uansett

– Det er like trasig for oss som saueeigarar når eit dyr blir skada eller drepe som det er at ein hund må avlivast. Vi har kjensler vi òg, seier leiar i Sogn og Fjordane Sau og Geit, Ragnhild Sæle.

Sosiale medium har hagla med mishagsytringar dei siste dagane etter at det blei kjent at ein hund i Gloppen er vedteken avliva etter å ha teke livet av ein sau.

– Rett og slett bekymra

– Det er ikkje utan grunn at vi kvart år sender ut til aviser ei oppmoding om at hundeeigarar må halde hundane sine i band. Hundar som ikkje er under kontroll blir eit større og større problem. Vi er rett og slett bekymra, seier Ragnhild Sæle.

Ho understrekar at ho uttaler seg på eit generelt grunnlag og ikkje om den spesifikke hendinga i Gloppen.

Ifølgje sambuar til hunden sin eigar gjekk Nala i band då ho vart angripen av ein sau og stanga fleire gongar i sida. Halsbandet vikla seg inn i sauen, med den konsekvens at hunden kom seg laus og både sau og hund sprang av garde. Kort tid etter vart sauen funnen død. Etter å ha etterforska saka, konkluderte politiet med at hunden må avlivast.

– Ein sau med eit godt morsinstinkt vil forsvare lamma sine og ta hunden, forklarer Sæle.



Belte rundt livet

Ho føler mange hundeeigarar ikkje har nok kunnskap om korleis dyr generelt oppfører seg når ein møter dei.

– Eg har to hundar sjølv, og går ikkje gjennom beiteområde med storfe fordi eg veit eg kan bli angripen. I beiteområde med sau går eg ikkje tett på. Eg går utanom og har alltid hundane i band.

Ho oppmodar hundeeigarar om å feste hundebanda i eit belte rundt livet.

– Då risikerer ein ikkje å gli og miste bandet, eller miste det fordi ein er litt uoppmerksam og hunden gjer eit rykk, seier Sæle og minner om at eigar alltid er ansvarleg for å ha hunden sin under kontroll.

– Uhell kan skje

Samstundes er ho klar på at uhell som er vanskelege å gardere seg mot, kan skje. Ho fortel om eit tilfelle der halsbandet slitna, og hunden sprang etter eit lam som måtte avlivast.

– Ved slike hendelege uhell er det ikkje rett å krevje avliving for ein kvar pris. Det er noko anna om hundeeigar ikkje bryr seg og unnlèt å respektere bandtvangen, understrekar Sau og Geit-leiaren.

Ho meiner det siste er blitt eit stort problem.

–  Eg ser stadig laushundar på fjellet i bandtvangsperioden. Eigarane tek gjerne bandet på hundane når dei møter nokon, men snur ein seg etter dei, er dei lause att.

Ragnhild Sæle er leiar i Sogn og Fjordane Sau og Geit.