Mykje arbeid ligg bak ei toppplassering på ei internasjonal hundeutstilling. Marit Stette Alme har hatt rasen irish softcoated wheaten terrier i ni år.

Hund i Europatoppen

Marit Stette Alme har avla på og stilt ut hundar frå rasa irish softcoated wheaten terrier i ni år. Førre helg vart to år gamle Frøya kåra til beste hund i si klasse på Europa-utstillinga i Warszawa.

 

For eit utrent auge er Frøya ein vanleg snill og kosete hund med gulbrun pels, men toåringen har allereie fått fleire høgthengande premiar. Matmor Marit i Fjellbygda er svært fornøgd med at Frøya gjekk sigrande ut av den store konkurransen i den polske hovudstaden.



– Ufatteleg stort

– Dette er ufatteleg stort, det er heilt utruleg å nå opp i denne kåringa. Det var veldig kjekt og veldig overraskande at vår hund skulle vinne, seier Stette Alme.

Ho er allereie kontakta av fleire som ønskjer å teikne seg på liste for kvelp om det skulle vere aktuelt å setje Frøya i avl, men det har ikkje hundeeigaren i tankane på lenge enno.

Wheaten terrier er ein mellomstor terrier. I alt er det er det 32 godkjende terrierraser, og Frøya kjem frå eige oppdrett heime på Alme.

Det er store dimensjonar over hundeutstillinga European Dog Show som feira 80-års jubileum i år, og som vert arrangert i ulike europeiske land kvart år. Utstillinga går over mange dagar på eit stort messeområde, og er ein møteplass for hundeinteresserte, oppdrettarar, dommarar og seljarar av ulike typar utstyr og produkt.

15 000 hundar

Over 15 000 hundar deltok i ti ulike klasser, så det er eit trongt nålauge for vinnarane. I kvar klasse vert det kåra beste hannhund, beste tispe og beste unghund.

I tillegg blir beste hund kåra. Det var denne tittelen Frøya fekk, i tillegg til å bli kåra som beste tispe. Ho vart også polsk champion. Det er ein eksteriør-konkurranse, dei som dømmer ser på alt det ytre, som kroppsbygning, storleik, øyrer og pels. I tillegg må hund og eigar springe rundt for å vise steglengde og kroppshaldning.

– Vi trudde den polske dommaren likte best terrierar med tynn pels, og Frøya har det motsette. Vi håpa på ei god plassering, begge foreldra er premierte, men overraskinga var stor då vinnaren var klar, seier Stette Alme.

Austeuropeiske og russike hundeutstillarar har eit litt meir kreativt forhold til pelsstell enn det vi er vande med i Noreg. Det er ikkje uvanleg å farge og «style» hundane. Hårlakk vert ofte brukt før voven skal visast fram.

– Eg brukar det vi alltid brukar, børste og vatn. Det heldt heilt til topps, seier Marit Stette Alme.

Hunderom med stellebord

Bak premiane ligg mykje arbeid, stell, trening og planlegging. Huset til familien Alme har eit eige rom der hundebur, stellebord til kjemming, klipping og trimming av klør går føre seg.

Stette Alme har no fem hundar, to av dei andre er ein mindre terrierrase, nemleg parson russel terrier. I stova i heimen til Marit og Dan Ole Alme er det ikkje noko som tyder på at det bur fleire firbeinte inne i huset. Det er ikkje eit hundehår å sjå nokon stad.

– Hundane vi har røyter ikkje, men dei må klippast, fortel Dan Ole.

– Det er klart det er mykje arbeid. Det er kjemming kvar tredje dag. Då ligg hundane på stellebordet, og så går eg over dei med kam og børste. Dei er vande med å bli handterte. Ein hund som ikkje toler at folk tek i han, kan ikkje vere utstillingshund, fortel Marit.

Pelsen skal òg klippast ein del, og sjølvsagt vaskast.



Utanlandstur med hund

Marit Stette Alme køyrde til Polen saman med Ranveig Isene frå Vågsøy og hennar hund. Ein så lang tur krev planlegging. Dyra skal sjølvsagt sitje i bur, ha pass og dokumentasjon på at alle vaksiner er i orden. Dei to hundeinteresserte damene var først innom ei terrierutstilling i København, der både Frøya og den andre hunden vart premierte.

– Det er ikkje så veldig vanskeleg å finne hotell som aksepterer hund, men det er klart det er litt utfordringar med å vere på tur så mange dagar og køyre så langt. Heldigvis slapp vi å bade hundane på hotellopphalda, det heldt med pelsvasken som var gjort før turen. Hundematen var laga til og pakka i dagsporsjonar før vi reiste. Vi tobeinte levde mykje på knekkebrød og smøreost som vi hadde med, men det var veldig kjekt. Spesielt med slike toppresultat, seier Stette Alme, som er sikker på at det vert fleire utstillingar på ho og Frøya.

Marit Stette Alme og terrieren Frøya, som har vunne fleire høgthengande premiar. Den gjevaste tittelen er Europa-vinnar.
På hunderommet finst alt som trengst av utstyr for å stelle hundane. Ein del premiar har det òg blitt opp gjennom åra.