Heim   >   Nyhende   >   Hugs å stille klokka i natt

Foto: Hallvard Østrem/NPK.

Hugs å stille klokka i natt

Natt til søndag går vi over til sommartid. Då blir klokka stilt mot næraste sommar, altså éin time fram.

– Når vi stiller klokka fram, blir natta ein time kortare. Vi kan heldigvis glede oss over lysare kveldar framover, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Det er ho som kan kalle seg tidsminister, sidan departementet hennar har ansvar for Justervesenet.

EU-kommisjonen la i 2018 fram forslag om å avvikle ordninga med å stille klokka fram og tilbake, men førebels har det ikkje skjedd.

– Eg veit at det er mange som meiner mykje om å stille klokka. Skulle forslaget bli vedteke i EU, blir det opp til kvart EU-land å bestemme om dei ønskjer å bruke sommartid eller vintertid som normaltida si. Då må òg Noreg ta stilling til kva vi ønskjer å gjere, seier næringsministeren. (©NPK)