Kari Bremnes er klar for Glopperock fredag 16. august. Dette er den einaste konserten Bremnes held i fylket i år.

Høyr henne i Trivselshagen fredag

Nordvendt, europeisk, ope, stort, personleg og melankolsk. Dette er ord som kan knytast til Kari Bremnes sin musikk. Den enorme spennvidda i konsertane hennar er ein signatur for artisten. Frå det lysaste til det ganske mørke og rå.

Og heile tida med ein nærleik til folk og livsskjebne. Kari har skrive songar i 20 år og gjeve ut 15 soloalbum. Ho har i dag eit større publikum enn nokon gong, med eit stort konsertpublikum i fleire land og eit platepublikum over heile verda.

Komande fredag spelar Kari Bremnes band i kultursalen i Trivselshagen. Med seg i bandet har ho Børre Flyen (trommer), Petter Unstad (bass/vokal), Børge Petersen-Øverleir (gitar), Bengt E. Hanssen (tangentar/vokal) og Geir Østensjø (lyddesign).

Same kveld får publikum gleda av å høyre Line Dybedal, ein artist og låtskrivar frå Selje. For tida er ho aktuell med musikken til Barne-TV-serien «Bli med heim». Line har gjeve ut platene: «Supersonic» (2012) ,«Til kjærleiken» (2016) og «Tider» (2019)  med hitlåta «På ei øy»..