Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Høyang vart for sterke

Gestur Gylfason (t.h) kom inn i andre omgang og styrte det meste i forsvaret til Jølster.I bakgrunnen STIL-spelarar som var møtte opp for å følgje kampen.

Høyang vart for sterke

Haustsesongen for Jølster sin del starta på same måte som vårsesongen, med tap mot Høyang

Men tapet var betydeleg mindre denne gongen enn i vår. Likevel må vi seie at 0-3 var eit mildt sagt urettferdig resultat sett på bakgrunn av spel og sjansar.

  • Det var for så vidt greit at dei vann kampen, men tre mål var for mykje sa, oppmann Jarl Helle etter ein svært jamspelt kamp og der Jølster dominerte mykje av andre omgang.

Det var nære på for Jølster mange gonger, men det ville seg ikkje.