Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkte i byrjinga av mai RK grafisk og Grafisk Kompani på Grorud, som har gått frå trykk av grafisk materiell til å produsere smittevernutstyr/visir. Her får han prøve å lage ei maske sjølv. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix / NPK

Høie har kjøpt smittevernutstyr for ein halv milliard

Helseminister Bent Høie (H) har under koronapandemien brukt 493 millionar kroner på ekstraordinært kjøp av smittevernutstyr, mellom anna 27 millionar munnbind.

Av det totale beløpet har 14,1 millionar kroner gått til norske produsentar, skriv Høie i eit brev til Stortinget.

– Produksjonen av smittevernutstyr i Noreg har vore minimal. Under pandemien har derfor hovudkanalen for innkjøp av smittevernutstyr vore import frå utlandet, skriv helse- og omsorgsministeren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innkjøpet har skjedd både gjennom eksisterande og nye leverandørar.

Tala er oppdaterte 11. mai.

Store volum

I tillegg til 27 millionar munnbind har staten gått til innkjøp av 1,7 millionar smittevernfrakkar/-drakter, 1 million åndedrettsvern, 20 millionar hanskar, 1 million augevernarar og 400.000 operasjonsluer/-hetter.

Voluma er store, påpeikar Høie.

– Eksempelvis representerer 27 millionar munnbind om lag fire års normalforbruk i spesialisthelsetenesta i Noreg, medan 1 million åndedrettsvern svarer cirka til 14 års normalforbruk, poengterer han.

Les også
Ferske teltturistar blir åtvara mot å grille i forteltet

Statsråden skriv at innkjøp av nødvendig utstyr no har komme «godt i gjenge», og at arbeidet vil halde fram i høgt tempo. Noko av utstyret er sett av som ein buffer til mellom anna Forsvaret og Bufdir.

Ikkje nok utstyr

Senterpartiets helsepolitiske talsperson Kjersti Toppe meiner ei oversikt over kva styresmaktene har klart å skaffe til vegar av smittevernutstyr, er nødvendig for å få eit realistisk bilde av Noregs pandemiberedskap.

– I dei første vekene av koronaviruspandemien har det vore mange døme på at tilgangen på utstyr ikkje har svart til behovet i tenesta, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom ein berre baserer seg på den globale marknaden, gjer ein helsetenesta meir sårbar for slike mangelsituasjonar, seier Sp-politikaren.

Norsk produksjon

Parallelt med import frå utlandet har det vore arbeidd med å få etablert norsk produksjon av smittevernutstyr, ifølgje helseministeren.

– Det er gledeleg at mange norske leverandørar har engasjert seg og omstilt verksemda si til å bli gode produsentar og leverandørar av smittevernutstyr, konstaterer han.

Ein slik innanlandsproduksjon kan skape nye arbeidsplassar og redusere avhengnaden av å importere smittevernutstyr.

– Dei fleste av desse norske bedriftene er i ferd med å etablere produksjonslinjene sine og vil gradvis auke delen sin av utstyr levert til den norske helsetenesta, seier Høie.

(©NPK)