Det vart lys i grana ved Fjøsen i år også

Høgt i toppen den blanke stjerna

Som vi fortalde om i fredagsavisa, så har det ei tid rådd ei viss uvisse kring spørsmålet om det kom til å bli lys i toppen av grana ved Fjøsen på Skei dette året.

Grunnen til uvissa var at Fjøsen og grana nyleg vart selde, utan at det vart ordna med løyve til å ha lys i toppen i jula.

Alt ordna seg

Etter at Firda Tidend tok opp saka, gjekk det ikkje lenge før den nye eigaren av Fjøsen, Jostein Sunde, gav grønt lys til å bruke grana til dette føremålet også i år.

Feiaren i Jølster, Arve Dvergsdal, har hatt ansvaret for å få stjerna på plass i 15 år og stilte sjølvsagt opp også denne jula.

-Det er somme som ikkje får den rette julestemninga før dei har fått klatra opp og ned grana i Ospene. Takk til den nye eigaren av grana for at eg framleis får ha denne oppladinga før jul, seier Dvergsdal i ein kommentar til at stjerna no er på plass og lyser som den alltid har gjort.